torsdag 21. april 2011

Tid for hagen og God Påske!

 Det har vore lite tid til sying og strikking dei siste dagane. Det har gått mykje i hagearbeid. Fått "flytta" ut på terrassen igjen og pynta litt i krukker etc.  Junioren har fått planter og sådd i drivhuset.  Me kan igjen drikke kaffi og ete middag ute ......det er vår og snart sommar!

Perleblomar i sink fat med fjæresteinar rundt. Eg synest det er flott med fargekombinasjonen blått og grått.

  
Fiol med pil og trollhasse-krans rundt blomsterpotta.

 Tomater i drivhuset her har me juksa litt med vore på handel hjå Kåre Wiig :) Cherry tomater. Resten er sådd og kjøpt som små planter...gildt med ein stor tomatplante som me snart kan hausta ifrå.......gler meg. Jordbæra er og på gang. Fått sådd blomkarse og erterblomar!








Igår var det vaffelsteiking på steinbordet i hagen, ein fantastisk dag/ettermiddag! God start på påskeferien. Vaflane blir ekstra gode då :)




 Påskeliljer og store primulaer  

 GOD PÅSKE !!!! 

Det er kjekt at du er inne å ser på bloggen min og ekstra gildt når du sette deg opp som følger og legger igjen ein kommetar. Det gir ekstra inspirasjon og glede for meg..... 


2 kommentarer:

  1. No vart eg nesten litt misunneleg...... Men vår og varme kjem nok hit og!;o)
    Så fint de har pynta, de får nok mange kjekke stunder ute i tida som kjem.

    God påske til deg og dine!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Det er så godt å kjenne varmen ute igjen. Har hatt nydelige dagar i Nordfjord, med mykje godt uteliv.
    Kjempestilige potter og pynt du har laga til.

    God påske til deg og dine!

    Klem :)

    SvarSlett