onsdag 27. april 2011

Hønekveld i hagehytta.



I kveld var elve damer samla til kreativ hønekveld som avslutning på påska.  Me hekla ulike egg.  Tatlet gjekk villig og mange idear vart lufta. Mellom annna fekk me mønster på sticheries som vi skal sy oss hekle/strikke posar av. Kjem tilbake til det etter kvart. Menyen var sjølvsagt egg og eggesalat på  rundstykker, forruten sjokoladeegg då.




 Her ligger isoporegga klare til å bli hekla rundt og pynta. Her er det bare fantastien som begrensar.



Eg dekorerte eggekartongane med stempel. Fin plass til å oppbevare egga i når dei er ferdig hekla, eller ha som pynt.






Sjokolade egg.......var det høne kveld så var det hønekveld:))) Heile 2,5 kg egg var det her.......me klarte ikkje ete opp alt, så me kan ha fleire kveldar!







Litt høne inspirasjon frå påskekort og serviettar!!




Høne sydd frå boka Vårgleder(Morken/Stenkløv). Den hadde fått plass over bordet og kunne følge godt med:)



Noen hadde pynta seg ekstra for kvelden!

1 kommentar:

  1. De har kosa dokke, det er det ingen tvil om;o)

    Det blir kjekt å sjå posen ferdig.

    Ha gode, kreative vårdagar!

    Solklem

    SvarSlett