onsdag 30. mars 2022

Ny krans




Hadde hagedag på lørdag. Det vil seie vi fekk mellom anna klipt hekken og andre busker. Klipt ned trollhasselen som hadde vokst opp forbi kjøkkenvidauget. Av desse greien laga eg meg ein grov og stor krans. Har tenkt å ha den hengande ute på husveggen inn mot terrassen, slik  at ein også kan sjå den fra stovevindauget.


Den kunne faktisk stå sjølv pga tjukke greiner på trollhasselen/vrihasselen. Kjært barn har vist mange namn.



Eg kan jo bygge på den etterkvart og evnt putte oppi litt pynt. Alt etter årstida kanskje.


På plass på veggen ute......


Klem
Lilla dør


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar