torsdag 31. januar 2019

Iglo teppe


Teppe er sydd av eit stoffstykke eg kjøpte hjå Stoff og Stil.....lang tid tilbake :)) Har visst lege på modning sjølv om planen heile tida har vore å sy eit slumreteppe/leiketeppe. Eg trur eg gav kr 25,- for stoffet/rapporten. 


 Litt stort å quilte på syrommet så eg inntok kjøkkenbordet nokre timar.


 Å legge til kanten for hånd var ein fin kveldsaktivitet medan det brann godt i ovnen.....


 Måtte ut i snøen for å ta nokre bilde.


 Teppet er 165 cm i diameter. Heile teppet er sydd frå stofflageret mitt. Kjekt når det minkar litt.
Har som mål å minke både stofflageret og garnlager i år.... så får vi sjå kor det går. Iallfall ein goe start i 2019.





2 kommentarer:

  1. Kjempefint teppe! Alltid fint å kunne skape ting med varer fra lageret.

    Riktig god helg fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Nydelig teppe du har laget. Riktig IGLO du må presentere med snø :-)))
    Jeg tar også symaskinen i morgen.
    Ha en veldig fin helg. Hilsen til deg. Viola

    SvarSlett