mandag 17. desember 2018

Juletrevimplar på terrassen


Stjerneproduksjon. Endelig kom ullfilten eg fekk ei tid tilbake av ei goé venninne.....  Den var heilt perfekt til formålet. Ullfilten var tjukk og god.


Sjølve juletrea sydde eg av sekkestrie, eg stod ute og skar dei til..... støva så mykje.
Eg skar dei ca 38 cm høge pluss stjerna då.

Eg sydde først rundt med overlockmaskina før eg sydde på stjerna og hampetauet. Hadde pynt på nokre av trea for å få meir liv i vimpelrekka.



Klar for opphenging under tilbygget på terrassen.
Fekk dei opp til andre søndagen i advent, ikkje verst det :))



Meter på meter med juletre :))). All dei ideer man får.... eg vart inspirert av ein kollega som hadde laga vimpelrekke med fylte juletre til å ha i stova.... Kjempe kult det og. :))).





Kortreist juletre frå hagen ....... litt pjusk men med sjarm.


Ha ei go´e adventstid fortsatt ....snart jul!

Takk til dokke som er innom bloggen. Alltid jillt med respons.


Klem 
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar