mandag 19. november 2018

Tynne kranser på stålring


 Inspiret av Interiørblader etc hadde eg lyst å prøve meg på å vikle litt grønt på stålring. Var så heldig å få fatt i ringar på Søstrene Grene. Her har eg fått litt grønt på, når ein er på hytta er det begrensa med evnt pynt eller bånd. Så det får eg  fikse seinare. Eg har eit stor sedertre ved hytta og prøvde meg med ei grein av det. Lett å jobbe med i tillegg til flott grønnfarge på nålene der. 


 Fann ein engel i julepynten, den passa i grunnen:). Prøvehang dei i epletreet. Kjekt når ein kan sitte ute på hagebordet og jobbe.  Fyr i bålpanna og kaffi koppen ikkje langt unna.



 

 Furukvistar som eg surra rundt heile stålringen.







 Kjekt å prøve det ut....blir nok fleire når jula nærmar seg.





Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar