lørdag 27. oktober 2018

Okergul kjole med prikker


I dag har eg sydd meg endå ein kjole i jersystoff. Eg hadde klipt kjolen tidlegare i haust. Så endeleg fekk eg sydd den idag. Eg brukte overlockmaskina så det er kjapt gjort.



 Til halskanten brukte eg ein rest frå restekassen. Synest det friska opp kjolen.




 Stoffet kjøpte eg på Kreaktiv på Kvadrat.



 Prøvde meg på langarma. Lommar i sida :). Eg er veldig glad i lommar.


Kjolen er i Lilladør-design. Tegna sjølv og inspirert av tidlegare kjole eg har sydd.

Klem
lilladør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar