søndag 14. januar 2018

Dåpskjolen er klar



Neste søndag skal barnebarnet mitt døypst. Så denne helga har eg tatt fram kjolen oldemor til dåpsbarnet sydde til sitt fyrste barnebarn for 30 år sidan:). Hjelp!!!!! kor blir tida av?


 Til og med egen pose/konvolutt til oppbevaring av kjolen sydde ho. Knallfint arbeid. Ho har all grunn til og være stolt. Det er iallefall eg. Sjølv om kjolen var litt gul då eg tok han  fram etter 22 år, vart den kvit og fin etter eit Omo-vask :)))


 Her er underkjolen til dåpskjolen


Nystroken


 rundt kanten nede ser den slik ut........ mykje arbeid ligg bak


 kjolen er brodert i engelsk broderi.... hennar eige design


Namnet på dei barna som er døypte i kjolen er brodert inn... barnebarnet mitt blir den femte som blir døypet i kjolen så langt.
No gler me oss til neste søndag...stor stas når oldemor er til stades og få sjå oldebarnet sitt i kjolen.

Stor klem
Lilla dør


4 kommentarer:

  1. For ein skatt, og for eit nydeleg arbeid. Oldemor har god grunn til å vera stolt av den, og å få sjå oldebarnet sitt i kjolen. Lukke til :)

    SvarSlett
  2. Nydelig dåpskjole! Synes det er så koselig at du deler historien til kjolen. Lykke til med dåpsbarnet!

    Klem

    SvarSlett
  3. Så flott. Kos dere på merkedagen 🌺

    SvarSlett