Når ein kjøre mykje biltur til tider er det viktig med bilstrikk. Ein får strikka mykje då. Nå er eg så heldig at eg slepp å kjøre. Ofte har me 8-timers turer. Det blir blir nokre masker innimellom kaffi og ferje pauser. Her er frå sist helg då vi var oppover ein tur til verdasjillastehytte.
Lilla mohairtråd på pinne nr 9 var strikket sist tur. I grunnen litt vanskelig farge å sjå i mørke...måtte til med lys....
over Romarheim
Godt med gode strikkeposar når ein treng å ta det med seg inn og ut av ferjer og.
Gler meg til neste tur!
viktig å ha med nok garn..... er ferdig med dette prosjektet. Skal bare feste trådane og sy det saman. Det kjem på bloggen etter kvart.
Klem
Lilla dør
Noko "sutalaust" til bilturen må til. Så var det sette med å sjå i novembermørket. Men vi veit råd, for strikkast må det. Snart jul!
SvarSlettGod strikkekveld frå Ingunn