lørdag 17. september 2016

Små strikk inn i mellom



 Barnesokkar i heimspunne garn som eg kjøpte på Eikefjorddagane i sommer. Kjøpte 40 gram og har meir igjen :)
Mjukt og lunt garn. Strikka dei på pinnar nr 3,5. Sokkane er eige design.


Villsau/sjeviot
Garnet er frå Berit Bjørnset Reksten.
Kjekt med lokalt garn



 Lue  i  Blåne pelsullgarn frå Hillesvåg. Min egien vri på deira mønster.  Strikka på pinnar nr 6. Likte godt fargen grønngrå som eg trur eg må kallle den. Var ute på Idestova på Bryne og snopa ekte pelsdusk....ikkje noko rusk. Den kan knappast av og kan brukast på fleire luer. I grunnen ganske smart.
Så få vi sjå om nokon av dei håpefulle er interressert i den:)




  Eg fekk ein telefon frå ei dame i Florø som hadde erfaring med vilsauvottar og toving. Ho sa at eg måtte tove vottane før bruk og ikkje la dei tovast ved bruk som eg hadde fått beskjed om då eg kjøpte garnet.  Difor har eg tova dei to gonger på 40 grader begge para medan det største paret ein gong på 60 grader. Forsatt rikelig store men fyldigare så neste gong vill eg nok strikke dei litt mindre.



Har gjort ferdig ennå ei strikkeveske og den har flytta til Nord-Norge. Kjekt når strikkeposane/veskene mine flyttar på seg. Bare å ta kontakt viss noko er interressert.
 Sjå tidlegare innlegg om strikkevesker og strikkeposar:)


Klem
Lilla dør

1 kommentar:

  1. Så mye fin småstrikk du har strikket! Likte godt de små sokkene :) Vottene så gode og varme ut! Praktisk med strikkenett, har et par selv også ;) Fin uke til deg!

    SvarSlett