onsdag 17. februar 2016

Hekla sitteunderlag



 Sist helg fann eg ei oppskrift på hekla sitteunderlag på ull.no. Design Hifa - Berit Løken. Måtte bare teste den ut:). Fann ca 800 gram med ullgarnrester i friske vår fargar. Hekla dei med heklenål nr 9, så eg brukte ulikt antall tråder alt etter tjukkelsen på garnet. 


her går det i oransje.




Eg hekla 4 sitteunderlag ca 39 - 40 cm ferdig mål. 



 Etter fire sitteunderlag var det ikkje mykje igjen av garnlageret i dei fargane......jillt med tom korg. Totalt brukte eg 760 gram fordelt på dei fire sitteunderlag.







 Klare til bruk.
Fine til ha med på tur, eller i stolen på terrassen......





Her fann eg oppskrifta som ligg gratis på nettet



Ha ei fine fargerik veke forsatt

Klem
Lilla dør

2 kommentarer:

  1. Super... herlig fargerike garn hadde du i korg. Fantastiske sitteunderlager du har heklet... og så morsom med tom korg etterpå :-)) Jaaa våren i luften, selv om vi hadde snø i går, for vi hadde varm været og blomst kom. Nest uke skal komme 12 grader... ha en strålend fin kveld. Hilsen sender Viola

    SvarSlett
  2. Så fine de ble - og godt å minke på lageret :)

    SvarSlett