fredag 26. februar 2016

Fliseleggingshelg...... nøyaktighetsarbeid nesten som lappeteknikk:)


Sist helg var me på hytta og flisela golvet på gangen og veggen over kjøkkenbenken. Den eldste junioren og gubben stod for arbeidet. Eg var konsulent og kokk den helga. Dei var fantastisk flinke. Nøyaktig og flott arbeid. Så eg er stolt mor og kone:)


Her er det millimetarane som teller. Flisen er så kalla historiske fliser. Me har dei på badet på hytta og. Veldig fine!!! Men pga mønsteret er dei ikkje dei lettaste å legge. Me brukte 3 mm kryss mellom flisene og fugemassen var mellomgrå


klar til fuging. Badet inn forbi var lagt tidlegare.


Her er det førebuing av kjøkkenveggen... Lange fliser ca 80 cm trur eg.....


Her skjeres det hakk for kanta og lysbrytar. Men for det meste brukte me flise saga som står rett utforbi døra her men til små detaljer måtte me til med denne sirkelsaga:)
Fekk lånt oss flisesag av broderen, den fungerte fantastisk. Tusen takk!! 


Her ferdig over komfyren og steinplata



Over disken..... vart nokre meter totalt med keramikkfliser. Vart ferdig:) og veldig fornøyd.

Takk for go´e innsats!

Klem
Lilla dør

2 kommentarer:

  1. Kjempeflott begge deler 👍 Dyktige flisleggarar og dyktig konsulent 👍👏🏻👏🏻👏🏻👏🏻👏🏻 klem

    SvarSlett
  2. Det var stilgt flisearbeid, og lurer på hva du brukte til benkeplate!

    SvarSlett