torsdag 12. november 2015

Strikkehelg i Stavanger helga 6. - 8. november


Eg hadde ei kreativ og jille helg sist helg på strikkefestival i Stavanger. Eg og nokre venninner hadde planlagt det i lang tid. Og festivalen innfridde forventningane våre.  Eg gjekk på tre workshops/kurs pluss strikkemiddag lørdagskvelden.


 Lørdag var det japansk med Linda Marveng. Planen no er å strikke ein hals i dette mønsteret. Har både mønster og pinnar og så får vi sjå etter kvart.



 Bente Geil hadde talen på festen.


 Lotteri var det og men ingen gevinst på meg ;) bare dei rundt meg. 


 Eg har garnkjøp-stopp men men ......måtte bare ha desse plantefarga garna. Fantastisk fargeskala i duse fargar.


 Litt av butikkane, mykje fint men eg berre såg for det meste. 


 Søndag var det "Strikk eit bilde workshop" Grafisk Gobelinstrik med Charlotte Kaae. Då fekk vi besøk av Tv-Vest så no har eg vore på tv :)



 Mønsteret eg laga og holder på å strikke i nokre fine lilla fargar.
Kanskje kjem det meir av det etter kvart om eg får utvida døgnet.


 Stavangerlua 2015,  design og ide Pinneguri. Der ho hadde oppmoda folk som skulle på strikkefestivalen til å strikke ei slik i sin farge. Ho utlyste konkurranse,,,,,,, her er resultatet.



Eg  rakk og eit kurs til søndagen i oppklipp til stolpekant uten symaskinsøm:))
Pinneguri heldt det kurset.

 Ann Myhre ( pinneguri)



Mange kjente og flinke kurshaldarar. Eg håpar på fleire slike helger.
Klem
Lilla dør

3 kommentarer:

  1. Her var det mykje fint og det var nok eit kjekt og givande kurs...... den tråden var jo bare nydelig i fargane.... ha ei god helg.... klem

    SvarSlett
  2. Her var det mykje fint og det var nok eit kjekt og givande kurs...... den tråden var jo bare nydelig i fargane.... ha ei god helg.... klem

    SvarSlett
  3. Så kjekt! Jeg har ingen helt strikkegale venner, så det er ikke mange å prøve å lokke med på slikt :) Flere er så smått i gang med strikkepinner nå, så kanskje om et par år kan det være aktuelt ^_^ Tvi tvi!!

    Sikkert veldig kjekt med det treffet, skikkelig sosial og lærerik helg. Har sett en del bilder fra helgen - og har lagret oppskriften til den lua til en senere anledning ;)

    SvarSlett