søndag 15. november 2015

Kulturell søndag med meir :)


Fotland mølle denne regnfulle novembersøndagen... men ei fargerik og fantastisk utstilling av Sissel Ruud.


 Lite glimt frå utstillinga.


 Mot fossen. Fantastisk natur.....




 På Klepp Rådhus hadde Storm Juliussen jubileumsutstilling.  


 Fantstisk skutemaleri og andre motiv......


Flott utstilling med særpreg og stemning.



 Tomatsild etter Marit på Trapp Ned i Førde si oppskrift. Mykje ein lærer enten ein er på kurs eller har kurs. Veldig goé men den varer nok ikkje til jul denne... ser det som eit prøveprosjekt. Lyt nok lage ny til jul:) 


Lammerullar er eit must for jula. No er dei i boks:) Klar til saltlake og koking.



 Ei av jentene mine var innom:) . Eg fekk tatt eit bilde av den nye genseren ho hadde strikka seg. Kjempe fin og i nydelege fargar Kjekt når døtrene og svigerdatter finn glede med strikkepinnane.




Dette bildet er frå kafebesøket mitt i går...... hadde bydag. Legg merke til at det er i morgontimane før dei fleste var kommet seg til byn. Stilt og roleg. Med godt lag kan det nesten ikkje bli bedre start på fridagen.

Ha fine veke. 
Klem
Lilla dør


2 kommentarer:

  1. Her var det mye å glede seg over! Og det er viktig å bevare gleden i alt det grusomme som skjer rundt oss.

    Stor klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Dette såg kjekt ut både det eine og det andre...... go veke til deg og ... klem

    SvarSlett