torsdag 17. september 2015

Lue i blå / lilla nyansar






 Desse fine restane av lamuld frå Christel Seyfarth inspirerte meg til å lage ei stripete lue. 

Eg la opp litt for mykje ved første forsøk men på andre forsøk la eg opp 152 masker......trur det blir perfekt.



Eg veksla uregelmessig to og fire omganger med dei ulike fargane. Trådane strikka eg inn etterkvart slik eg slepp å feste dei:) 


Det vart både hytte- og bilstrikk. Sjå den tøffe bilen før oss i ferjekøa og på ferja.

 Om det er strikk mitt som matcher bilen eller omvendt er eg usikker på.
Dei passa iallefall i hop :))))

Klem
Lilla dør.

TUSEN TAKK til dokke som legge igjen eit spor ved ein kommentar. Det varmar.

2 kommentarer:

  1. Flotte fargar og ja du burde hatt den bilen :-) God tur!

    SvarSlett
  2. Jillt å lesa bloggen din Kari

    SvarSlett