torsdag 16. april 2015

Sengeteppe på gang.....


 Det er 19 år sidan far min døydde. Eg har lenge hatt planar om å sy eit teppe av skjortene hans. Dei har  lege på modning:). Sist helg starta eg med å klippe dei opp og fekk skore ut 9 x9 inch ruter. 




Knappane tok eg også vare på.  Usikker på kva eg skal bruke dei til ennå....kanskje eit bilde? Dekor på eit eller anna........?? Får sjå. Foreløpig ligg dei i den fine skråbåndboksen eg fekk her om dagen saman med fine blonder og båndrestar.







Måtte fotografere dei fyrste tre remsene ute i ettermiddagssola idag.


 Jillt med litt tid bak symaskina igjen... Eg kjende at det var meir enn eit tiltak å starte men jillt når eg fyrst kom i seget. Eg trur det gir meir energi enn det tar. 
Kan det vere vårslappheten som tar meg eller restane etter sist forkjølelse/flunse. 


Eg har nett fått sydd det saman, men ikkje fått stroke ut alle sømromma ennå.  Og så skal eg sy på stjerner i nokre ruter før eg quiltar det.
Dette teppet skal eg har på hytta som sengeteppe. Kanskje eg klarer å sy det ferdig til neste tur:)

Ha ein fin vekeslutt. Her blir det hagen som må prioriterast trur eg viss det blir ver til det. 

Klem
Lilla dør

6 kommentarer:

  1. Dette blir eit flott teppe og veldig kjekt å ha eit sånt teppe laga av dei skjortene :-) mykje fine knappar ... gle meg til du kjem opp att neste gong, håper vi treffes då :-) Klem

    SvarSlett
  2. Så koselig med et sengeteppe fullt av minner! Gjenbruk er tingen!

    God fredag fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Så flott det blir, mange gode minner der...

    SvarSlett
  4. Åh, det blir et teppe fullt av minner <3 Så koselig :)

    SvarSlett
  5. Flott teppe, fullt av minner...
    Blir nok flott sengeteppe på hytta ;)

    God helg, i hagen eller ved symaskinen :)
    Hege

    SvarSlett
  6. Det blir nok et koselig teppe. Kjekt å få brukt stoff med minner i.
    Klem

    SvarSlett