Fantastisk flott dag med mykje frisk luft..... fått ete ut og nytt den fyrste middagen på terrassen for i år. No er me igang:). Fått rydda og planta litt fiolar og margarittar.
Her har eg plassert broderiet mitt i urna med planter på trappa mi......men har ingen planer om at det skal stå der. Det var bare til ære for fotografen:) og så passa motivet og blomsterurna så godt ihop.
Eg har fått sydd ferdig ein av mange "ufoar". kanskje dette kan bli ei lita toalettveske eller noko i den dur.
Eg har mange slike broderiufoar som manglar bare litt på å bli ferdig. Kanskje blir eg ferdig med litt fleire etter kvart. Fint håndarbeid når ein sitte på terrassen.
Brodert med moulinegarn og farga med litt fargestift.
Eg snopa ny persille i dag. Fin pynt på terrassebordet i "utestova "
Så har eg fått klippa ut stjerner som eg skal ha på slumre-/sengeteppet eg held på med. Eg klipte stjernene i tynt dongeristoff. Det går sakte men sikkert framover:)
.sjå teppet eg held på med her
.sjå teppet eg held på med her
Ha ei fin veke, i morgon har dei vist meldt ennå finare ver. Men då er det arbeidsdag og ein får ikkje nyt dei gode dagane slik som no i helga. Men ein fin ettermiddag kan det bli!
Jillt du såg innom og takk til dokke som legg igjen eit livstegn.
Takk for alle kommentarer til dei siste innlegga.
Takk for alle kommentarer til dei siste innlegga.
klem
Lilla dør
Så herlige bilder hos deg, stitcheryet ditt passet perfekt inn blant blomstene! Det er godt å kunne stelle med utemøbler og blomster igjen etter en lang vinter. Ha en fin helg:))
SvarSlett