mandag 12. januar 2015

Fru og herr



Eg strikka to glassmansjettar etter mønster og inspirasjon av Charlotte Kaae.  Mønsteret kjøpte eg på hennar Ravelry-shop. 

Jillt med to.  Det var ganske mykje arbeid på dei så eg trur kanskje det blir med desse to.


Prøvde dei ut på lørdag med sjokolade og krem. Knallgodt og jillt med friskluft sjølv om det var ganske frisk ute. Venta då på stormen Nina. Godt med overbygd terrasse.


Måtte pynte dei med restar av julesnopet.  Eg såg det var gjort på mønsteret, men eg likte dei best utan stav.


Perfekt lørdagslunsj i hagen





Serviett eg snopa i fjor.... eg er svak for servietter,  det er så mykje fint. Gir mykje inspirasjon og idear.


No står desse to kompisane på kjøkkenbordet klar til bruk,  eller bare til pynt. Januar er jo snømannens månad eller? Det einaste er at vi ikkje har fått noko snø ute ennå. :)

Klem
Lilla dør

Ha ei fin og kreativ veke.

2 kommentarer:

  1. Flotte snømenn, Koselig å drikke kakao men de rundt koppen.
    Her er det mer enn nok snø så jeg er villig til å gi bort litt.
    Ha ei flott uke .)

    SvarSlett
  2. So fiiine dei var då ..... fine serviettar hadde du og........... snømenn er koselig no å denne tida...
    Klem

    SvarSlett