mandag 17. september 2012

Florøtur og kurshelg


 Har hatt ein flott tur til Florø. Inspirerande kurshelg med mange ivrige og goè damer. For å sjå kva me sydde kan du sjå under etiketter til høgre på bloggen, under  Kurs florø hausten 2012. (Kjem til legge ut resten seinare i veka.)

 Desse tre fyrste bilda her er tatt på tunet til mamma i ettermiddag:). Florø er og blir ein flott plass.



 Bjørnebær



 Eg kan jo ikkje vere i byen uten å være innom kaffibaren og kjøpe Snickerskaffi. Denne kaffien drikk eg bare når eg er heime i Florø. Blitt eit must då. Så idag vart det to kafebesøk på meg. Godt utnytta fridag:)


 I sist veke opna det ein nye liten koseleg kafe i Florø. Den har fått gode omtale så den måtte jo me bare prøve. Dagens lunsj åt me der. Kan anbefalast.


 Ingen ting seia på utsikten ned mot havna. Minnest då far min hadde verkstad der i det kvite huset til høgre i bildet;). Pappa var sadelmaker og møbeltapetserar der.


Ikkje på tur uten strikk. Her er helgas flystrikk, pulsvarmar. Har fått byrja på pulsvarmer nummer to!

Takk for jille kurshelg og fin Florøtur.

Klem 
Lilla dør

4 kommentarer:

  1. Takk for fin kommentar på bloggen min, og takk for at du stakk innom butikken! :D

    Vi sjåast kanskje neste gong du er i Florø óg? Mammaen min var forresten på sykurset saman med deg i helga.. hehe.. Florø er ein liten plass ;)

    Ha ei flott veke!

    SvarSlett
  2. Detser ut som du har kost deg i floooote omgivelser.MR

    SvarSlett
  3. Her var det mange kjente og flotte bilde :) Takk til deg for ei flott, kjekk og inspirerande kurshelg , du er berre heilt fantastisk Kari :) håper å sjå deg snart att :) Klem Laila

    SvarSlett
  4. Flott Florø-reklame, og no skin sola...
    God tur heim att.

    SvarSlett