fredag 28. september 2012

New York


Sist veke hadde eg ei fantastisk flott veke i New York....med mykje påfyll og inspirasjon. Haddde gleda meg til turen men at det var så fantastisk hadde eg ikkje trudd. Det var 26 år sidan sist. Truleg blir det ikkje så lenge til neste tur:) 


Nye World Trade Center under bygging.


Flatiron Building - stilig!

The City Quilter var ei oppleving i seg sjølv....brukte litt tid der. I tillegg var det The Artquilt  Gallery utstilling i naborommet.  Og i eit anna rom var det Quiltekurs.  Gubben var veldig tålmodig. Han fann seg ein Starbucks med fritt internett:) 


Meter på meter med stoff til ca 60 kr meteren.

The yarn Company som låg på Broadway på Upper West side.  Ein butikk med utsalg av garn og mønster. Mykje ekslusivt garn og ein del eigenprodusert/farga garn. Snopa litt her og. Mønster og garnpakker. Kjem nok fram litt meir etterkvart som eg byrjar på prosjekta.


 The Purl Bee eller Purl Soho som butikken vart kalla. Den låg i Broome Street. Ein fantastsik flott og lekker butikk der det var både stoff og garn. Mykje modellar og idear. Må bare opplevast :) Eg fekk eit godt tips om den hjå Tilonino


Litt opp i handleposen vart det og her:)


 Fekk nesten kink i naken når du skulle sjå på  den blå fine himmelen vi var heldig å ha heile veka. 


Vi var og innom The Garment District.


 Har var det spesialforretningar til det meste. Her nokre glimt frå båndbutikken Shindo. Hylle på hylle. Eit ufattelige utvalg av både typer og fargerskala.



Empire State Building.

 Det kjem nok meir etterkvart som prosjekta dukkar opp. 
Gler meg til neste tur!
Sjølv om eg ikkje har planer om det ennå.  Men det blir nok ein tur til. 

Klem Lilla dør.

4 kommentarer:

  1. Åhhhhh, så mykje lekkert! Det er nesten så eg får vatn i munnen......;0)

    Gleder meg til å sjå prosjekta dine!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Så kjekt å få bli med deg (gjennom bildene.) Spenende arkitektur, flotte butikker...

    ; )

    SvarSlett
  3. Heldige deg - jeg er så glad i NY, men nå med tre små blir det ikke noen turer der på en stund ... Fine bilder :)

    SvarSlett
  4. Her va d møje kjekt! Kanskje me kan håpa på å bli me på neste tur:)

    SvarSlett