mandag 14. mai 2012

Pledd på gang.....


 Fredag var eg innom ein lokal strikkebutikk og enda opp med ein pose med Fiamma (90 % ull). Garnet skulle strikkast på pinner nr 8 men eg har brukt  nr 15. Garnet var til halv pris og i hode mitt sveiv mønster på eit teppe eg hadde sett i bladet M by M. Heilt siden bladet kom ut i vår har eg hatt lyst å strikke det men så var det det med å få eit garn som passa. Prøvelapp vart strikka.... Fredag kveld var eg igang. Det passa perfekt. Eg la opp 70 masker så eg måtte legge opp meir enn oppskrifta.



 Nydelige farger spør du meg:)


 Litt lunsj på laurdag på terrassen men strikke tøyet var med. Dette var gildt. Og så vaks det etter kvart  ca 2 cm pr omgang:) Det går det ann å leve med.


 Sjølv om teppet veks er det forsatt mykje garn igjen .....var drygare en butikken trudde........ kanskje eg får nokre nøster til overs...
Kva skal eg gjere med det?


 Sundag kveld var eg iallefall halv ferdig. Sjølv om eg ikkje har fått strikka før no i kveldinga på sundag.



Her ligg teppe dobbelt over korga mi. Kjem aldri til bunns i den...stadig ny prosjekt men eg gjer ferdig nokre inni mellom. Viktig med variasjon i strikket :))))) Skal legge ut bilde når teppeprosjektet er avslutta.


Klem  Lilla dør

2 kommentarer:

  1. Her går det unna!!
    Dette blir tøft og med nydelege fargar.

    Og får du noko til overs er eg sikker på at det vil verte tøft til ein hals. Knallbra til den lilla kåpa di;o)

    God mandag!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Kreativ du....lite blir gjort her....
    Et inspirerende flott teppe i et flott garn
    Lykke til med arbeidet og gleder meg til å se det ferdig

    Fin dag ønskes deg
    Klem

    SvarSlett