lørdag 24. desember 2011

Siste pakkane er på plass.


 Denne siste pakken vart på plass idag. Ferdig innkjøpt tifdlegare men eg trong ein pose. Stripekjeks-jernet til å koble på kjøkkverna på miksmasteren.   Kva er vel jul uten¨stripekjeks" for gubben og dei andre i familien. Difor er det viktig å videreføre tradisjonen til neste generasjon. Oppskrifta er på plass når kakene skal lagast.  Oppskrifta er henta frå svigersmor si oppskriftsbok, skrevet av av gubben då han var guttunge.  Gubben lagde stripekjeks  som fyrste kakesort hjå oss denne jula. Knallgode. Det er ennå litt igjen. Stikke du innom på ein kopp kaffi skal du få smake.


Gåvesekk fylt med gåver....gildt og av og til å legge litt i innpakningen. Sekken kan brukast til ymse etterpå, pute, oppbevaring av julepynt, strikkepose etc........ Sekken er sydd i lin og rosete bomullstoff. 

Kom i mål i år og!
Klar for julefeireing!

2 kommentarer:

  1. Her har det kome mykje fint sidan eg sist var innom!;o)

    Og flott julestemning.

    Det er kjekt at de er samla alle og kan kose dokke saman!

    God julehelg til dokke alle!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Stripekjeks er nummer 1.

    SvarSlett