Desember er tid for litt juleverkstad. Her om kveld hadde me det her i heimen. Gjestene hadde fåt beskjed ta med heklenål i nr.2 eller 2,5.
Me hekla juletre og soppar etter mønster til Karen Klarbæk.
Mønstera finn du på www.karenklarbaeksverden.blogspot.com
Er litt usikkert kor mange som vart ferdige, men eg trur ein del har gjort ferdig sine no. Eller kva seier dokke. Kor mange juletre er produsert no?
Me fann ut at juletrea godt kunne bli brukt til eggevarmer eller bordkort. Kanskje me kunne sy på røde perler som små kuler.
Soppar eller "hæklede svampe" som Karen seier det. Soppane er jo flotte itl pynt til jul enten på treet eller som borddekorasjon. Eller som nøkkelhank...her er det bare fantasien som set ein stopper.
Lykke til me heklinga, eg gler meg til å sjå resultatet.
klem lilladør.
Eg har og laga desse;o) Dei er kjekke og dekorative.
SvarSlettSå kjekt at ein kan sysle med slikt i førjulstida. Rett og slett ein kosekveld!;o)
Ha gode dagar!
Solklem