onsdag 26. oktober 2011

Sjølvspunne garn


Mohairgeiteskinnet mitt i stolen. På bilde under  ser de "effektgarnet" mitt:).


I ungdommen gjekk eg på husflidskule. Der hadde vi ein bolk med ull og spinning. Då spann eg desse hespene. Som i sin tid vart brukt til å spøte ein vest mellom anna. No er det gjennbruk. Eg held på med å strikke trekk til den gamle puffen vår.  Det som inpirerte meg var at eg kjøpte meg eit stort Mohairgeiteskinn frå Kalberg via Ullrommet.  Fantastisk flott, lunt og mjukt. Det har me i stolen her  i lesekroken.


 Snart ferdig med to sider. Har mange prosjekt så allt tar si tid. Men eg kosar meg med det.  Sjå det garnet.  Eg hadde fire slike hespe liggande. 


Her kan eg innta plassen med ei god bok eller med strikket.

1 kommentar:

  1. Herlig garn. Blir spennande å sjå det ferdige resultatet og med sjølspunne garn er det jo riktig stas. Mohairgeiteskinnet ditt såg jo såååå deilig ut. Ha ein fin lørdagskveld.

    SvarSlett