torsdag 20. oktober 2011

På syrommet...


 Har kosa meg på syrommet dei siste dagane. Der vinterstoff og vinterfarger har prega det eg syr på. Litt med  tanke på kurset i Florø i november. Kanskje de som har tenkt dykk på kurset kan samle litt vinterstoff  og evnt. ta ein tur innom Fretex og sjå etter gammalt strikk. eller finne avlagte strikkplagg heime. Eg har kombinert stoff og strikk i eit teppe! Eg synest det har vore ganske interresant og gildt. :) I tillegg har eg planer om å bruke litt helka små servietter i teppet.


 Eg har og laga nokre snømenn, her er det ein med omsydd strikkejakkeog glimt i auget. Eg har kalla serien "vi er alle ulike" og formene variere  ganske mykje. Tenk å få lov til kose seg med slik gildt og morosamt arbeid. Har tenkt å pynte dei to siste snømannene i kveld......Som dokke ser har eg vore ganske grå og kvit denne veka, spennande og få lov til jobbe med ulike farger.


Her har eg kombinert strikk og ullfleece til jule og vinterhjerter. 


Har også prøvd meg på overføring av bilder med T-shirt transfers men konklusjonen er vel at eg liker bedra å overføre bildene til vanleg stoff.  Trur det er meir haldbart.  Men gildt å prøve noko nytt. Kjem som regel noko godt ut av det:)


Eg har og sydd meg ein liten pose i 100% lin som eg enten kan ha til gåvepose  eller rett og slett til å ha broderiet mitt i. Her har eg brukt t-shirt transfers til overføring av bilde.

Ha ein fin og kreativ haustkveld!

1 kommentar:

  1. Ååååååååååååå dette blir spennande,no gler eg meg endå meir, spennande så teppe ferdig og desse snømennene, eg er jo veldig glad i figurar som du veit...klem Laia

    SvarSlett