torsdag 4. mars 2021

Lillebjørnhue


Strikka ei lillebjørnhue til mitt yngste barnbarn.  Oppskrift og design er Knitting for Olive. Brukte garnet  Filcolana arwetta (80% merinoull og 20% nylon) og filcolana Tilia (kid mohair og silke).


Starta på det sist helg og fekk gleden av å strikke litt ute i sola 


Fin og kjekk hue å strikke men mykje oppskrift. Det vil seia at oppskrifta hadde mykje auking og felling og ulike teknikker.......måtte følge med :))) godt for dei grå cellene. Ekstra kjekt når ein får det til. 


Eg strikka den i størrelse 6 måneder, kunne ha vert litt mindre men han veks  i den.....plutseleg strikka eg ei mindre og :) no når eg har lært oppskrifta.






Snorene er strikka i Icord og Icord kant nede langshua.



Klem
Bestemor


 

1 kommentar:

  1. Dette var ei artig lue,men skjønner du måtte følge med på oppskrifta. Kjekt når en kommer i mål med godt resultat og har guts til å strikke ei til!
    Jeg er imponert!

    God ny uke fra Ingunn

    SvarSlett