søndag 30. juni 2019

Ny vri på strikkeoppskrift :))



 Eg fylte år i slutten av juni og hadde hagefest...... hadde gleden av å samle familie og venner. I den forbindelse hadde mine håpefulle laga quiz om meg og svara i quizen enda i tal som igjen fekk sin kode. Ut i frå dette hadde dei håpefulle laga ei strikkeoppskrift.


Så ein pose med to pinner og eit garnnøste var ein del av bordpynten til dess dei ulike laga rundt borda trong det til quizen. Knalltøff og nye vri på quizen. Tusen takk!



 Alle 6 laga klarte quizen som enda som ein strikkelapp med eit hjerte med tallet 60.






 nesten ferdig ..... eg har no strikka det ferdig og det skal bli montert saman med dei 5 andre.....truleg til eit lite dukketepppe til barnegulla.


 Litt bilde frå bildekodane og strikkeoppskrifta. 


Tusen takk til mine barn og svigerbarn. Dokke er beste sort.

Klem
stolt mamma og svigermor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar