tirsdag 20. februar 2018

Gakk-gakk sokkar


Gakk-gakk sokkar til bestemorgullet. Eg såg desse på nettet for ei tid tilbake.  Mellom anna hjå tonestingogtang på Instagram. Måtte bare strikke dei..... 


 Mønster og antall masker etc vart etter innfallsmetoden. Eg la opp 40 masker. 

 Har hatt dei liggande ei stund klar for fotografering, hadde dei ute i sola i dag men eg synest eg ikkje fekk fram den klare gule fargen som dei egentlig er i


Klar for påske og våren med desse sokkane. 

Jaja ein har vel ikkje meir moro enn ein lagar sjølv.

Ha fin veke fortsatt!

Klem
Lilla dør

1 kommentar: