mandag 4. september 2017

Oslo Design Fair


Sist torsdag var eg med ei av døtrene mine på Oslo Design Fair. Ho hadde saman med tre andre vunne Røros Tweed sin designkonkurranse. Teppet dei vant med vart lansert på messa som ein del av Røros sin haustkolleksjon i 2017. Fire fargeversjonar kjem teppet i og er no i handelen.

Her ser dokke designeren og teppene :) Røros Tweed hadde laga banner av det ein teppet.



Kjempefin messe



Gjertrud var med i sofaprat med Grete Sivertsen frå Oslo Design Fair, designer Torbjørn Anderssen, Erling Digernes frå Røros Tweed og Runa Boman frå Norway Design. Der snakka dei om prosessen frå ide til ferdig produkt. 



 Katalog/hefte om messa.


Stod ein artikel om jentene i heftet....kjekk lesning for ei stolt mamma :)

Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar