Tanta mi hadde denne gardina hengande i altandøra på hytta/huset sitt sidan 1970 åra og til i fjor. Difor er det ulike fargar i tekstilen.....med sin sjarm. Eg har vaska det men det var så mørt at det meir enn mindre gjekk i oppløsning. La det på tørk flatt og strauk det glatt før eg la det mellom to plexiglass. Plexiglasset hadde eg bestilt hos Bryne Plast ferdig tilskjert etter mål.
Reint og glatt med ulike fargetonar. Ein ser kor treverket har vore....der er fargen i behald, resten er bleika kvitt no av sola alle desse åra:)
Her blir det lagt i mellom to plexiglass.
To gode hjelparar får det på veggen (tusen takk for hjelpa)
For eit arbeid, har sydd ein del hardangersaum så ser ka arbeid det har vore, mest berre hålesaum!!! Er verkeleg eit kunststykke å ta vare på👍
SvarSlettsuperflot !
SvarSlettfantastisk fint... eit smykke på veggen....
SvarSlettfantastisk fint... eit smykke på veggen....
SvarSlettFor et arbeid den gangen det ble sydd, og en flott måte å ta vare på det.
SvarSlettFor ein smart måte å ta vare på ein slik skatt :)
SvarSlettFint å kunne ta vare på slike skatter! Og det gjør ikke noe at det vises at det er brukt, snarere tvert imot. Løsninga di er god! Et fint smykke til veggen din!
SvarSlettRiktig god pinse fra Ingunn
Det var en smart løsning. Reine kunsten på veggen det. God pinse
SvarSlettTenk for et minne. fantastisk kunst...
SvarSlett