fredag 9. desember 2016

Klesnor i hagehytta


Nissane, som held til oppå skapet i hagehytta, har fått seg klesnor:) Fekk det plutseleg føre meg at det hadde vore kjekt å laga. Det var nesten nostalgisk å lage det. Kjente på dei gode minnene frå barndommen då eg laga dokkeklede /papirdukke-klede i massevis. Kjekt å kunne leike seg med stoff, saks og symaskin. Medan andre ikkje kan forstå at ein kan bruke ressurser og giddå på slike "unyttige "ting.
Ikkje alle har det heilt likt:)


Her er det litt strikk og.


 så dette er den nye desemberpynten i hytta i år.......


 Nissane laga eg for ei tid tilbake. Har fleire hoder/ansikt som skulle hatt kropp. Kanskje det kan bli eit prosjekt i 2017. Kanskje eit hus til dei på hytte veggen???




Stjerna på treet er ikkje heilt på plass ennå:)

Nisseklem frå
Lilla dør

1 kommentar:

  1. hei, jeg har også elsket papirdukker og jeg er vild med din tøjsnor. Julepynt er ikke spor unyttig for den skaber hygge og gør glad.

    mange hilsner
    Angelika

    SvarSlett