mandag 24. oktober 2016

Strikkefestival i Stavanger 2016


Eit lite tilbakblikk på helga. For at eg skulle bli reiseklar på laurdagsmorgonen måtte eg
  pakke med nok tråd til tre ulike kurs og i tillegg ha med strikketøy til kafebesøk og andre ledige stunder. Denne gongen hadde me bestemt at me skulle overnatte i Stavanger.


 Fyrste kurset laurdag kl 10 var kontstrikk med Charlotte Kaae frå Danmark. Det er vel tredje året på rad eg er på kurs med ho. Fargerik og kjekk dame ..... 


 Her er det som vart strikka den føremiddagen av deltakerane hjå ho ;)


Her min prøvelapp. Tenkte det kunne bli pulsvarmarar etterkvart


 Charlotte

 I pausen mellom dei to kursa på laurdag meldte eg meg på konkurranse i hurtigstrikk, og jammen kom eg ikkje på 3 plass. Veldig fornøgd med det:) Eg strikka 541 masker på ti minutt, ho som vant strikka 606 masker.


 Neste kurs som starta kl 14 på laurdag lærte me svalestup og bringebærstrikk med pickles-damene


 svalestup



min prøvelapp med bringebærstrikk


Ikkje kvart år me reiser på jentetur med overnatting med så fin utsikt over Vågen i Stavanger.


Sundag klokka ti var me klar for kurs igjen. Italiensk opplegging med Tove Fevang



Ein feller  av med stoppenål :)


Eg hadde i grunnen kjøpestopp denne helga, men det vart 4 nøster med mohair garn til poncho med heim likevel.


Måtte starte på det prosjekt med ein gong .....Håper eg snart blir ferdig. Hadde nesten håpa det var ein eller to kvelder så var det gjort, men det ser ikkje ut som det fungerer slik hjå meg..... no har eg nett vore på Ikea ein tur,,,,,,der fór den kvelden.

Takk for fin festival helg. 

Klem
lilla dør

4 kommentarer:

  1. Det så utrolig kjekt ut:-) Moro å lære nye teknikker, samtidig som man koser seg på tur:-) Hilsen fra Marianne

    SvarSlett
  2. Så gøy, hadde jeg visst dette hadde jeg tatt turen ned !

    SvarSlett
  3. Gøy å lære noe nytt :) Spørs om jeg ikke må ha øyne og ører åpne for slike festivaler ;)

    SvarSlett
  4. Så artig! Blir rent misunnelig her jeg sitter. Får trøste meg med at jeg skal på strikkekafe i kveld.

    Klem

    SvarSlett