lørdag 21. september 2013

Hagelørdag


 Ein etterlengta heimelørdag der ein har goé tid og kan rydde i hagen og samtidig ha tid til å være litt kreativ. Her har gubben og eg gått laus på eit rognbærtre i hagen.


Eg fjerna blada på rognebærgreinene 



 Greine med bær på prydar no gangen min. Blitt riktig goé hauststemning der.


 Fin fargemiks



 Ellers tømte me urnene for sommerblomar og rydda......det trongs og då kom det bedre fram det som forsatt står fint.



 Denne stauden fekk eg av ein kollega for ei tid tilbake. Eg trur den kallast "kyss meg bak gjerdet" :) på folkemunne. 


 Rydda drivhuset fekk me også gjordt. Tømt det for tomatbuskene slik at me no kan sette inn  blomsterpottene til vinterlagring.


 Årets siste tomat avling. Kjempe søte og goé. Takk til junioren som har skaffa mange gode tomater og små agurkar til oss i sommar:)


 Etter inspirasjon frå ei eg fylgjer på Instergram (sarahsrom), laga eg meg ein eplekrans til å ha på trappa. Fekk fatt i røde fine og faste eple igår.




Kaffipausene er tette hjå oss, og då er det ekstra godt me litt ekstra attåt kaffien ein lørdagsettermiddag.  Fekk til og med  baka litt til helga. Det er ikkje alltid ein får gjordt alt ein har paner om. Oppskrifta finn du i linken til i blogginnlegget eg la ut i føremiddag. sjå her

 Ha ein fine kveld.
Eg har tenkt å finne fram strikketøyet mitt no, klarer kanskje avslutte eit av mange prosjekt eg har på gang.

Klem
Lilladør

3 kommentarer:

  1. Så koselig innlegg med høststemning! Eplekransen var så fin synes jeg :)

    SvarSlett
  2. Vakre farger, du er sannelig kreativ! Rognebær er topp, mange av dem overalt. Da får vi jo mye sne .... sa de i gamle dager :-)

    SvarSlett
  3. Deilig! :) Det var virkelig en fortjent fridag i hagen! :)
    Eplekransen var veldig kul! :) Kreativt!
    Stor klem Ragnhild!

    SvarSlett