onsdag 3. juli 2013

Strikkekveld på terrassen



 16 sett med hageredskaper venter på strikka "skaft".
 Eg hadde invitert 15 strikkeglade damer til ein kveld på terrassen. Urtruleg go´e respons. Kjempejillt! Det gav mykje inspirasjon og glede.


Kaffi- og tepauser er viktig. 








For dei som ynskte litt "hønestrikk" på skaftet hadde eg nokre utklipp av gamle mønster....dei vart flittig brukt:)




 Arne & Carlos si strikkebok var ide og inspirasjon, men me sette vår eigen vri på det både i mønsterstrikk og avslutning ved at me sydde dei fast og hadde hampetau til å henge dei opp med.


 Det mangla ikkje på kreativitet :)


 Etterkvart vart terrassegolvet til eit kreativt og fargerikt golv med mykje innhald, garn i ulike farger og kvaliteter, mønster, hageredskaper og korger. 



 Det vart produsert mellom 30 og 40 stykke den kveldstunda. Alle strikka ein... mange to...... og ei klarte tre stykk :)




 Desse vart strikka av kveldens "vinner" . Ho klarte tre stykk. Gratulerer!


Det var godt at me hadde mange varmekjelder på terrassen, då den finaste sommertemperaturen svikta denne kvelden og. Men stemninga var goé. Strikkepinnane og drøset gjekk godt:))
Jillt dokke hadde lyst å vera med på dette prosjektet og........det blir nok fleire strikkekveldar i hagehytta til hausten.


Klem
Lilla dør

5 kommentarer:

  1. Dette så ut som en perfekt måte og bruke en sommer kveld.

    SvarSlett
  2. Hei! Kjempegildt. Du er gode, heldige vi s0m får være med. Mine er ferdige de ble fine.MR.

    SvarSlett
  3. Tusen takk for ein gild kveld. Dette var inspirerande. Klem frå Ingeborg

    SvarSlett
  4. Heilt topp Kari, kommer gjerne til høsten :)

    Hege :)

    SvarSlett
  5. Takk for en kjempegilde kveld....ha en goe sommer Kari...klem gko

    SvarSlett