torsdag 26. juli 2012

Snartur til Bergen.

Frå tirsdag ettermiddag til onsdag hadde me ein snartur til Bergen. Kjempetur, med mykje kreativ innspirasjon. Nydeleg ver var det og som ekstra bonus:))). Tid til shopping. Mellom annna måtte eg innom nokre fast inspirasjonskjelder som kan anbefalast viss du er innom Bergen. På Bryggen ligg Røst.  Som dei seier i reklamen sin: "Design møter natur" er viktige stikkord for dei. 


Du finn funksjonelle og tidsrette interiørartiklar og designprodukter, klede etc etc.


 Og så må eg jo innom Quiltekroken. :)) Mange fine stoff, idear og mønster. 


 Torget, med mykje godt å smake på. Morellene smakte kjempegodt m.a.


Tirsdag kveld var det Bruce Springsteen konsert som var  ei  kjempeoppleving.  "Kan ei forklarast, bare opplevast: Å stå og høyre og sjå han spele og synge i 3,5 timer utan pause, fantastisk.
Kjekt med sommar og feriedager!

Klem Lilla dør

2 kommentarer:

  1. Dette såg kjekt ut!
    Mykje godt påfyll på ei kort stund!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Bergen er en fantastisk by, og Bruce attpåtil. Må ha vært topp :-)

    SvarSlett