tirsdag 10. april 2012

Store og fargerike blomster


 Klar for nye farger på kjøkkenet. Då er det gildt å kunne ta fram ein fargerik stor løper eg sydde etter mønster og inspirasjon av Hanne Asplin Firman. Den er fin no om våren og sommeren der store blomster lyser mot deg:) Teknikken er ein type skjeiv log cabin. I boka "Slipp fargene løs" av Hanne er det mønster på noko liknade.


 Løperen er ganske stor 60 x 160 cm.  Det lyser vår og energi av den....det liker me.



I tillegg har eg liten løper (av restane).Den er 40 x 80 cm.


Eg fekk meg blomst no i helga. Ein type ildtopp. Kjempeflotte fylte blomster på den. No var det kjekt med noko som ikkje var gult.... 



 Ute på terrassen ventar bord og stoler på meg og kaffi koppen. Forsatt surt.... så det blir vel ingen ettermiddagskaffi der i dag heller. Kanskje i morgon eller til helga :) Men sjå kor store og fine knopper det er kome på Magnoliaen min. 

Ha fin ettermiddag. I kveld eg har tenkt å byrja montere ein genser eg har strikka..... har iallefalll planer om det.

Takk for gode og mange kommentarer på bloggen. Alltid like kjekt.

klem 
Lilladør

3 kommentarer:

  1. Å denne var då virkelig nydelig!!! Men eg likar den ekstra godt fordi eg òg har tenkt å sy denne, tenkt lenge, lenge og ikkje komt i gang. Din er litt brei , så eg kjem til å prøve å lage ein smalare,...om eg kjem i gang då!

    SvarSlett
  2. Kjempefin løper!! Så flink du er:-)))))
    Fargerik og vårlig!!
    Fin kveld til deg fra meg:-)

    SvarSlett
  3. Alltid kjekt å ta fram fargerike løparar no på denne tida. Denne var jo alle tiders med nydelige stoffer i.
    Håper både du og eg snart får komme oss ut på terassen og kjenne litt vårvarme:)

    KariLklem:)

    SvarSlett