fredag 10. juni 2011

Lilla, rødt, gult, rosalilla........


 Lilla dør har fått malt yterdøra i samme farge som døra til arbeidsrommet.... så no er det ingen tvil om kor ein finn lilla dør!



Eg synest den lilla fargen lyser flott opp saman med dei gule vinduskarmane til det røde huset.





Sist helg var det den store beise- og malingshelga. Eg og gubben gjekk laus på det mest av terrassebenker og bord. Terrassen fekk og ny beis på. Så no er vi klar for sommar og mykje terrasseliv.

 Det gamle olja teakbordet er blitt malt i frisk rosalilla farge... Fargen kom seg etter kvart strøk med maling. No er eg nesten fornøyd:). Det har fått ein djup rosalilla farge ved god hjelp av Nærbø Fargesenter. Dei klart ikkje hjelpe meg på Klepp. Godt med gode kontakter på Nærbø.



Då eg såg i hylla mi med løparar og duker, fann eg ein  løpar som eg sydde i fjor - den passa godt inn. Den gjekk nettopp i lilla - rosa - gult !! Flaks eller farger eg likar?



 Bordet har fått ein liten lilla detalj.



Sjå så flott hotensiaen passar til bordet.

4 kommentarer:

  1. Så koselig! Då eg var lita og skulle på hytta så køyrde me forbi ei stor raud løe med knall blå dør, då visste jentene i baksetet at no var det ikkje lenge att før ferien verkelig kunne begynne!! Hugsa det når eg såg døra di - gode minner :D Ønsker deg en fin sommar ved ny måla møblar!

    SvarSlett
  2. Du, så lekkert!!! Ja, du er flink med fargar, og å bruke dei fargane du likar;o)
    .... og då blir det bra.

    Ha gode, travle dagar fram mot bryllaupet;o)

    Solklem

    SvarSlett
  3. Nyydelig, kari. Flotte fargar - passa til ei fargeglad dame som deg. Me og har alt, men her på hytta vart hagemøblene blå. God pinse vidare.

    SvarSlett
  4. Hei! Eg fann bloggen din då eg googla "lilla dør". Eg har så skrekkeleg lyst på lilla ytterdør, men har fått beskjed om at det er risikoprosjekt i høve til falming. Er derfor veldig i tvil. Så eg dristar meg til å spørje deg; står døra di i sol, og i såfall, korleis har det gått, har den halde seg eller har den blitt falma? Det var eit koseleg inngangsparti, og ein koseleg blogg har du også :-)
    Helsing Anne Kristin/Annwes

    SvarSlett