søndag 10. august 2025

Gul krans Reinfann



Har ein del reinfann ved hytta. Så prøvde meg på ein test om dei kunne brukast til å lage krans. Tommel opp for det, sjølv om den etterkvart vil visne.
.

Frisk og fin gulfarge . Laga derpå tynn ring.



 Klem
Lilla dør

fredag 8. august 2025

Ballerina cardigan mini til eit barnbarn


Strikka den i størrelse 8 år i ullgarn og tynn silk mohair. totalt brukte eg 169gr
.


Bak


Det var I-cord rundt heilejakka og som bånd til å lukke jakka


Klem 
Lilla dør
 

onsdag 6. august 2025

Chunky dahlia gul genser


Eg strikka den i børsta alpakka Sandnes Garn og Tilia Filcolana. Strikka den på pinner nummer 6
 

Vart eit godt strikk for bilstrikk . Ein starta oppe på genseren  





 Klem
Lilla dør

tirsdag 5. august 2025

Skjell fra fjæra



Masse flotte skjell fra fjæra er blitt vaska ( kjekk aktivitet for dei små på terrassen) og så tørka . klar til bruk



Me limte bilde på ei kraftig papp plate og limte skjella rundt.




Dette bilde er over 30 år gamalt , dette laga eg med mine då dei var små, No heng det på vegg saman med barnbarna sine, som dei laga no i sommar. 



 Klem
Bestemor

mandag 7. juli 2025

Marimekko brikker x 7


Endå litt fleire Marimekko brikker. Totalt fekk eg 7 stk av dei ein og halv meter stoff, tre av brikkene gav eg i presang, resten har i samlinga mi. Marimekkobrikkene blir flittig brukt og er lette å vaske, held seg fint med den quiltingen.

.

Stoffet heiter Perenna printed
 



Sommarlige og kjekke. Her saman med blomsterbuketten eg fekk av svigermor då eg fylte år i juni.


Ulike måter å bruke dei i borddekkingen ....






 Klem
Lilla dør

søndag 6. juli 2025

Strikka fender nr. 2


strikka denne til båten i 2017.... har vore brukt sidan. Eg planla ein fender til til båten då. Starta på prosjektet men klarte ikkje å bli ferdig før no i juni. Hadde bare blitt ståande på hytta
Se meir om fender eg strikka tidlegare , det tok bare 8 år før fender nummer to vart strikka ferdig :))




Då vi var på hytta sist fekk vi vaska og bona båten klar for sommaren. Gleder meg til turar med båten. 
 

Bilde fra 2017

 


Her er den eg stikka no, mønsteret blir til etter kvart


Nesten i mål


 Klar til bruk:)

Klem
lilla dør

fredag 4. juli 2025

Strikkekafe



 Eg var så heldig og bli invitert til strikkekafé i hagen hjå ei venninne på Bryne, no fyrste juli. knallkjekt, godt det finnest slike kreative og gode damer......... stemningen var topp utover kvelden. Sjølv om det var litt lite sol, holdt vi varmen med mange gode tepper, god kaffi med noko attåt. Tusen takk Hege for at eg fekk kome.


godis


Sommermat. dei kjeksa var knallgode, håper og satsar på at eg får laga slike på hytta no i sommer


Teppe eg fekk låne matcha heilt med strikketøyet mitt



mitt prosjekt Chunky dahlia i børsta alpakka og Tilia filcolana. Varm gul. Håper eg kan strikke den ferdig i løpet av dei neste sommerdagene (lang bil kjøring)



Se det tøffe vimplane...... kreativt og tøft.


Til og med loddtrekning var det (gratis lodd) tenk eg vann hovedpremien spør du meg..... må lage meg noko kjekt av dette. flott garn og farge....vent og se.
 

 Klem
Lilla dør