tirsdag 6. april 2021

Lilleharepus lue






 Eit kveldsprosjekt, av og til jillt med prosjekt som går fort........  .Lilleharepus lua by Mini & Modes.  Eg strikka den i Nepal, brukte pinner nr 5. Fargen var 0618, brukte 50 gr. Nepal garnet er blanding av ull og alpakka.


Blir spennande å sjå om den passar mottakeren. Skulle ha vore ferdig til påske men eg rakk det ikkje.



 Klem
Bestemor

mandag 5. april 2021

Natt til 2. påskedag kom det masse snø......


Dahlshøna hadde sikra seg ski til påske men det vart det lite bruk for..... sol og vår i lufta prega påska sist innlegg sjå meir her;

 
 Då var det viktigare med fiskesnøre og kaffi enn ski :))))





Snø og sol bare kvikklunsjen som mangla
:))))))



 Ja" alle er kloke noen før og noen etterpå" 

Klem
Lillad dør

søndag 4. april 2021

Dahlshøna påskeprosjekt i år på strikkefronten


Eg falt for desse Dahls hønene. Fann dei på "nettet". eg bestilt ein pakke  og fekk strikka desse to ved at eg kjøpte i tillegg garn til kropp og genser til høne nr 2 :). Dei er strikka i Rauma vamsegarn. Gjekk eit nøste til kvar høne i bare bunnfargen.... Kjekke å strikke men eg var glad eg strikka begge samtidig og fekk montere på likt. Trur eg gjerne hadde sytt litt å starta opp igjen med så mange deler ....

.

Kjekt påskestrikk i fine fargar




klar for festing av tråder etc.:)))


Klar til toving. Eg tova den to gonger på kortprogram med 40 grader, tilslutt tok eg dei på 50 grader og vanleg vaskeprogram. Då vart eg fornøgd.


Klar for snø og ski i påska...den uteblei her på Vestlandet. 
Difor fann eg det ut at det passa med fiskesnøre og fisk som tema på høne nummer to. Eg liker som regel å  lage min eigen variant uansett. Kan jo ikkje ha mange like :))).


Klar for fotografering med eller uten snø:)


PÅ tur til fjæra ser etter snø , det er iallfall kaldt.



Klar for fisketur! Fangst? .....Ja :)


 







Fortsatt god påske i fra  #verdasjillastehytta

Klem
Lilla dør

lørdag 3. april 2021

Pannebånd til bestemorgulla


Strikka desse i Vams garn fra Rauma.  Oppskrifta er Aftenstrikk si som har gitt ut eit hefte hjå Rauma.  (mykje fint i det heftet). Brukte eit nøste til kvart av pannebånda. Strikka dei på pinne nr 5. Tova dei i maskina x 2 etter dei var ferdig strikka.  Dei var hurtige strikka. Eg strikka desse i mars og har hatt dei liggande klar til å putte dei opp i påskeegga. 


Eg justerte litt på øyra ved sy nokre sting i kanten på øyra slik dei vart meir stødige med god effekt 





Hareøyrene vart putta opp i påskeegget til to av bestemorgulla saman med andre ting...... eg trur dei fall i smak og passa på jentene som er 3 og 1 1/2 år.


 Klem
Bestemor

fredag 2. april 2021

Påskeegg til bestemorgulla




Spennande med påskeegg...
.


Her ligg egg klare til å bli gøymt ute i hagen til bestemor. Kjekt med påskeegg både for den som lager det til og dei som får


Eg hadde utsendt hjelper til å tegne kart og legge ut egg i dag til dei to eldste barnebarna mine. 
Takk Gjertrud.
Til stor stats både til dei som leiter og finn egga og bestemor som laga dei til.   Vinn/vinn situasjon heiter det visst.
 

 Klem 
bestemor

torsdag 1. april 2021

To påskehøner har flytta inn hjå oss på verdasjillastehytte


Takk til Syskolens sysammen prosjekt og bloggen til Bernina der eg fann mønsteret sjølv om eg ikke var med i sysammen prosjektet . Eg sydde hønene igår .... veldig kjekke å sy og gleden av å finne stoff i minilageret mitt her på hytta. Godt fornøgd med hønene. Dei har flytta inn i "bua" på terrassen.


https.//blog.bernina.com/.../osterhuehnchen-naehen.../       fann eg mønsteret


Her er det bare håndsømmen under hønene igjen


Nyter sola i føremiddag på terrassen samman med oss andre :)



Litt på vagl i kransen før dei fann plassen sin i vindauget.







 Fortsatt god påske!

Klem
Lilla dør

onsdag 31. mars 2021

Gule merinoull gensarar til påske


Eg strikka to slike gensarar no rett før påske.  Strikka i merino ekstra fin frå Drops. Varm og fin gulfarge. Til mønster brukte eg bamse genser mønsteret til Petitknit.  Strikka dei i størrelse 6 til 9 mnd, men eg justere litt på lengden. Eg strikka to gule påskegensarar til jentebestemorgulla i fjor.... eg liker slike "prosjekt".
.

Hadde planer om brodere enten kylling eller hare men fann ut den vart for mykje påskepreg på den med tanke på vidare bruk. Ikkje vart det bamse ansikt på den heller .......kjekt med forandring.







Same størrelse, eg føler nesten eg har fått tvillinger i heimen, tenk to barnebarn i løpet av ein god månad i haust....heldige meg. 
Eg fekk litt tidsnød på strikkinga på  den siste genseren  pga føringar med nye hytteregler. Hadde planer om strikke den siste genseren på vei mot hytta men plutselig vart den planen skrinlagt:))) men genseren var klar. Til og med tid å vaske den før eg reiste .....



Eg tru dette er den 6 bamsegenseren (minst) eg strikkar til bestemorgulla. Kjekt når eg ser dei blir flittig  brukt.


 Klem 
Bestemor