mandag 16. august 2021

Lunbris teppe


Eg strikka ferdig lunbristeppet som eg starta på for lenge sidan. Teppet har blitt liggande på hytta men kjekt å strikke det ferdig i sommer. Endå ein ufo ferdig, jippi !!!!


.Lunbris sommerteppe. Mønsteret er kjøpt hjå Pickles. Strikka på pinner nr 6 i garnet  summer tweed fra Rowan. Ei blanding  av bomull 30 % og silke 70% i ulike turkis/blå fargar.  Passa perfekt inn på hytta. Endå eit lite teppe. 






 Klem
Lilla dør

søndag 15. august 2021

Vevebok med biletevevarane på Jæren


Utrulig men sant:))) eg er med i ei biletvevebok. Eg har gått og vove i mange år hjå Ingrid Vinningland som har halde kurs i 40 årI i forbindelse med at ho sluttar har barnebarnet hennar laga ei fotobok ++++....... ei minne bok . Ca 60 kursdeltakarar saman med Ingrid er med i minneboka . Der mange av biledvevane vises, litt informasjon , litt om teknikkar og mimrebilder fra ein del av kursa oppigjennom åra.
.


 Her er biledvevane eg har med i boka.
Neste søndag skal det være utstilling  på Bryne av biledvevane.


Klem
Lilla dør

mandag 2. august 2021

Bjørnegenser


Strikka ein bjørnegenser til minste jentebarnebarnet mitt. Strikka av garnlageret, delvis. Har mykje lilla Peer Gynt, her brukte eg det saman med terracottafarga smartgarn.




Strikka i størrelse 4 år ...tenkte den var greia å ha litt stor..... og så vekst dei fort. 
Design og mønster er fra Sandnes Garn hefte 2103 strikka ovenfra og ned. Oppskrift  Helene Skjørestad.
.

Totalt brukte eg 375 gram garn.  Strikka på pinner nummer 3,5


Eg starta på dette prosjekt i vinter men gjorde det ferdig no i ferien slik at eg kunne få gitt den no da ho fylde år i starten av august. Slik blir det når eg har fleire prosjekt på gang på ein gang :))))


 Klem
bestemor/lilla dør

mandag 26. juli 2021

Svaneungen x 4


 Eg falt slik for desse fine svaneungane til Aftenstrikk/Rauma garn.  Strikka  den fyrste  i børsta alpakka og pt2.  Den vart veldig populær hjå barnebarna mine. Så no har eg strikka ein til kvar. Jentene i litt mjukt og litt loddent garn medan til dei små guttene i meir barnevennleg garn sidan alt skal inn i munnen ennå. Så dei vart strikka i baby merino.




Jentene sine....strikka i "luddengarn ". 















Hadde strikka svanungane før eg kom opp på hytta men eg monterte dei her. <strikka alle føttene etc..... vart nesten samlebånd arbeid.


Klem
Bestemor/lilla dør


søndag 25. juli 2021

Sommarhatt :)


Etter kjole prosjektet stod sommerhatt på programet her på #verdasjillastehytta.  Eg holder på med ein hatt og. Me får sjå om den blir ferdig i løpet av sommeren :) den er klipt. Gjertrud vart ferdig med sin. Den vart knallfin. Eg skal love å legge ut bilde viss den blir klar :)))))


Mønster kjøpte me på nettet av Fabrik Pætti. Det var ein del av sommerpakken. Sommerpakken bestod av strandbag, solhatt, bøttehatt og solbrilleetui. Dei har ulike mønster med og uten nettkurs. Mange kjente som er med på dette syprosjektet :) @jennyskavlan, @ingridbergtunsyr @marinordenforever @ingridviklysne



Nesten ferdig




 

Kjekt med felles syprosjekt.

Klem
Lilla dør

onsdag 21. juli 2021

Felles syprosjekt på hytta


Begge jentene mine var på hytta saman ei tid i sommar.  Dei sydde seg kvar sin flotte kjole.  Dei sydde etter inspirasjon og mønster fra minmote.no







Vaffelsøm med gummistrikk


Kjempefin. Den eine sydde gul, den andre i linfarge








Klem
Stolt mamma/
Lilla dør
 

tirsdag 20. juli 2021

Sommerbakst på hytta


Inspirert av sommer, masse urter i blomsterkassen på hytteterassen og bilder på nettet. God hjelp av Gjertrud til å pynte foccatiabrødet. Det smakte kjempe godt. 



Saman med pasta carbonara vart dette eit flott og godt måltid på terrassen.
 

Blomsterbad frå Roser og Interiør. Heldige meg (oss).


Klem

Lilla dør