torsdag 12. april 2012

Jippi.....


Endelig temperatur til å drikke ettermiddagskaffien ute:)) Det liker eg. I fem seks tida i ettermiddag var det bare fantastisk ute i hagen.


Ellers har eg snopa meg nye krus idag. Eit til gubben og eit til meg.....Marius mønster på dei frå Menu (termokoppar). Me har nokre krus av samme type frå før dei matcha godt saman med dei nye. 


 Dei nye står det Norway by Vea og dei andre blir kalla Artwork by Vea. 





Desse måtte eg bare ha....så eg får seia som eg bruker seie: eit kupp.:))))) Sjå det flotte motivet på kruset.......passer perfekt inn i strikkemiljøet i heimen-


Anemoneblomster flott ved siden av steinbordet i hagen, der eg naut ettermiddagskaffien idag.  Eg kjøpte anemonene i fjor på Hedleshaug hjå Jofrid. Kjekt med staudene som kjem opp att. 


Ellers er jordbærplantene frå i fjor også byrja våkne til liv... det er juniorens sitt prosjekt.


Ha fin ettermiddag og nyt den flotte vår kvelden!

klem lilla dør

tirsdag 10. april 2012

Store og fargerike blomster


 Klar for nye farger på kjøkkenet. Då er det gildt å kunne ta fram ein fargerik stor løper eg sydde etter mønster og inspirasjon av Hanne Asplin Firman. Den er fin no om våren og sommeren der store blomster lyser mot deg:) Teknikken er ein type skjeiv log cabin. I boka "Slipp fargene løs" av Hanne er det mønster på noko liknade.


 Løperen er ganske stor 60 x 160 cm.  Det lyser vår og energi av den....det liker me.



I tillegg har eg liten løper (av restane).Den er 40 x 80 cm.


Eg fekk meg blomst no i helga. Ein type ildtopp. Kjempeflotte fylte blomster på den. No var det kjekt med noko som ikkje var gult.... 



 Ute på terrassen ventar bord og stoler på meg og kaffi koppen. Forsatt surt.... så det blir vel ingen ettermiddagskaffi der i dag heller. Kanskje i morgon eller til helga :) Men sjå kor store og fine knopper det er kome på Magnoliaen min. 

Ha fin ettermiddag. I kveld eg har tenkt å byrja montere ein genser eg har strikka..... har iallefalll planer om det.

Takk for gode og mange kommentarer på bloggen. Alltid like kjekt.

klem 
Lilladør

søndag 8. april 2012

1. påskedag .... gult er kult


 Gul frokost.





 Gule jenter



 Gule negler




 Gul gele




Gule kurvebrikker

Ha god påske fortsatt!
klem 
lilla dør


lørdag 7. april 2012

Eggekoking på Sele


 Fanastisk flott dag... nesten vindstille ! Me fann ein lun plass heilt nede ved sjøkanten. Hadde lunsj der og kokte egg på primus. 


torsdag 5. april 2012

På hyttebesøk


 I dag har me vore på besøk på hytta til gode venner. Bildet er tatt i ferje kø......som de ser minner veret meir om haust enn vår. Skifta fort frå i går me då satt ute og grilla  i hagen vår. Håper på bedre ver i morgon.Men me fekk oss ein flott spasertur i dag og:)))


 Når ein er på tur er sjølvsagt strikketøyet med ....bilstrikk som eg kaller det. No er strikket i flotte lilla farga!



 Jamen blir det nokre omganger og strikkearbeidet veks. Snart halvferdig med prosjektet. Håper på fleire bilturar i påska.


Ha forsatt ei fine påske...

Klem Lilla dør

onsdag 4. april 2012

Meir gult ...


 Eg fekk meg ein bukett med ranukler før helga ...nyt dei i store drag. Sjå dei flotte fargane



 God påske frå meg og....


 Dei var fine blomstrene


Gult er kult 


 Endelig påskefri....det vart feira med innvielse av bålpanna på terrassen...fantastisk flott ettermiddag der. sol og goe temperatur. Slik ynskjer vi det:)))


Ha fin onsdagkveld

Takk for alle kommentarer eg får det varmer.

Klem Lilladør

søndag 1. april 2012

Aktivitetsegg:)


 Påskeegga treng ikkje bare fyllast med sjokolade men og med litt påskeaktiviteter..... Har  fått to påskegjester denne helga. Dei har fått kvar sitt egg på senga. Og dei er full gang med å løyse "oppgåvene" dei har fått. Og eg trur egga falt i smak. 


I det eine egget var det garn og mønster til å strikke påskeegg. 





 Det andre egget var fylt med garn og utstyr til hekle bestemorsruter til eit teppe. Eg visste at ho ynskte å lære å hekle. Ho  er allerede ferdig med si fyrste rute..... I tillegg ein stor og koseleg kylling, kjøpt på Lissi design. (dei har fleire igjen)



 Me har eit stort egg vi hatt nokre år som har hatt ulike innhold. I år har gubben fylt opp porslensegget med snop.  Eg ville helst ha hatt mine heimelaga knekkebrød der. Han vann og hadde vel kanskje  fleirtalet i heimen bak seg og.


Klem lilladør