søndag 30. november 2025

Frøken harepus har fått kler, seng og ny heim


Ei  gaveeske vart seng.


se meir om harepus her



Sydde og strikka garderobe til ho, sjal, jakke ,genser, bukse, kjole og skjørt.


Brukte vatt inn i madrass og quilta den, slik at det holde seg på plass. Måtte sjølvsagt ha pute og dyne. 










 Varma godt med teppe av garnrester.  mønster og design på klær og teppe er Aftenstrikk, rauma garn. dei sydde tinga er mitt eget design. 


Klem
Lilla dør

fredag 28. november 2025

Papirstjerner


Var på ein privat strikkekveld hjå ei venninne no i slutten av november. I løpet av kvelden var det fletting av papirstjerner. Gamal kunnskap som hadde gått i gløymeboka. Kjekke til ha på gåver eller og som pynt på kransar eller oppsatsar. Må nok holde den kunnskapen ved like.


Klem Lilla dør



 



 

onsdag 26. november 2025

Isager elf, nisse familie


Søt liten nisse familie fra Isager. designer Birgt Gehl Østergard. Strikka i rester av Isager tvinne, noko som dei fleste av oss har liggande. Strikkeklubben eg går i var enig om eit felles prosjekt i desember.


Litt mat må vi jo ha . Litt julekjeks og vaflar med noko salt pålegg på.



Her er eg i gang med min.



Nissen er ferdig. Her held eg på med nissesekken.....vart ikke heilt ferdig, men vi får satsa på neste jul. Nissen var klar men mangler ein del tilbehør.


Klem
lilla dør

 

mandag 24. november 2025

Julemanna


Julemanna har alltid vore mine favoritjulekaker, Så då eg såg den måtte eg bare prøve. Tegna og klipt eit par forsøk før eg var fornøgd. Fann eit perfekt stoff på stoff lageret mitt (alltid like kjekt) sydde litt jullemanna til meg gav bort noen. Fine til pynt no i desember og veldig kalorifattige og.
.




 Klem 
Lilla dør

torsdag 20. november 2025

Helle sweater mini


Strikka den i camarosa garn (lamuld) i fargen fantasi 6072.  =ppskrifta er Tonje Hodne  strikkekafe si.
Eg strikka den i str 4 år og brukte 225 gram. litt stor i fasongen perfekt til ute genser, lett og mjuk.



 Klem
Lilla dør

onsdag 19. november 2025

Grønne kransar


Eg synest det er kjempe jillt å sitte ute og lage kranser. Gjerne med bålpanna ved sida av, rydde etter kvart. Eg lagar ofte på hytta, det er mykje grønt rundt meg der i hyttehagen. Det å lage krans har blitt jillare og jillare, bare se på tidlegare blogginnlegg no i år.
 




Små og store, smale og tjukke.  Sjølv om eg lagar/bind dei på hytta, pynter eg dei enkelt når eg kjem heim, gjerne med litt rust.

 


 





Dørkransen på  hytta med enkel rusta fugl. Einerkransar er fantastisk fine. Litt stikkete og lage.





Einer


Grankrans, stor 
 




Ha ei god adventstid


klem
lilla dør

tirsdag 18. november 2025

Redesign, gjenbruk av gamal ubrukt kjøkken gardin


Gamal ubrukt kjøkkengardin klipte eg opp til nokre grytekluter. 
 



nostalgiskeog kjekke ....vart ei julegåve og to


Til lukkekanten brukte eg og stoff från gardinkappa






Klem
Lilla dør


 

søndag 16. november 2025

Ballerina cardigan mini i iris alpakka


Siste knyttebåndet i I-cord strikkes og så er jakka klar til gis bort til eit barnebarn

Hadde to nøster med iris i restekorga mi. Passa perfekt til denne jakka i størrelse fire år. Det var ikk,e mange gramma igjen :).



Strikka på pinnar nummer 6 og 7. Er kjempemjuk, lett og behagelig





 Klem
Lilla dør