tirsdag 16. desember 2025

Toalett vesker x 2




Acufactum stoff med julemotiv i to ulike fargar. Ha hatt liggande til godgjering i stofflageret. Stoffet er kjøpt på Lappelykke for ei tid tilbake....har spart litt på det. Men no vart det to fine toalettvesker til barnebarna. Brukte mønsteret til Annka. tripp-trapp-tresko. Sydde den største størrelsen.





Nesten like men ulike farger


 Klem
Lilla dør

søndag 14. desember 2025

fuglemat i kopp


Hadde nokre gamle koppar som me lim tetefat  under. Fylte det med formfett og frø. Perfekt fuglemater utforbi kjøkkenvindauget. 


I løpet av ein dag er det ulike type fugler som er innom bl.a. blåmeis, kjøttmeis, rødstrupe, hakkespett og svarttrost


 Klem
Lilla dør

mandag 8. desember 2025

Julelue i bomulljersy til dei minste prinsessene mine . Heim til jul



Fann dette kjekke stoffet på Selfmade. Kjøpte 50 cm, perfekt til tre luer pluss tre lue til dokkene. Kjekt når ein kan utnytte stoffa heilt.Var til dei tre minste jentene mine.
 

Heim til jul print på dei 


Eg liker sjy slik luer i all slags typer og farger, men kan til tider være vanskelig og treffe heilt størrelsen. Har kanskje for mange mønster. Godt eg har mange som kan få




 Klem
Lilla dør

Barneforkle


Hadde eit "kjøkkenstoff" liggande i lageret. Sydde to forkle til dei to eldste barnebarna.
.


Klar til bruk, reknar med å få smake av alt det gode dokke lager. Kjempeflinke!


 Klem
Lilla dør

tirsdag 2. desember 2025

Tova julehjerter


Tova ei plate med julerødt filt saman med barnebarna i hausterferien. Laga meg ein mal og klipte ut røde hjerter. til julepynt på juletreet i drivhuset.


Brukte bomullstråd til å henge dei opp med.




 Klem Lilla dør

mandag 24. november 2025

Julemanna


Julemanna har alltid vore mine favoritjulekaker, Så då eg såg den måtte eg bare prøve. Tegna og klipt eit par forsøk før eg var fornøgd. Fann eit perfekt stoff på stoff lageret mitt (alltid like kjekt) sydde litt jullemanna til meg gav bort noen. Fine til pynt no i desember og veldig kalorifattige og.
.




 Klem 
Lilla dør

torsdag 20. november 2025

Helle sweater mini


Strikka den i camarosa garn (lamuld) i fargen fantasi 6072.  =ppskrifta er Tonje Hodne  strikkekafe si.
Eg strikka den i str 4 år og brukte 225 gram. litt stor i fasongen perfekt til ute genser, lett og mjuk.



 Klem
Lilla dør

tirsdag 18. november 2025

Redesign, gjenbruk av gamal ubrukt kjøkken gardin


Gamal ubrukt kjøkkengardin klipte eg opp til nokre grytekluter. 
 



nostalgiskeog kjekke ....vart ei julegåve og to


Til lukkekanten brukte eg og stoff från gardinkappa






Klem
Lilla dør


 

søndag 16. november 2025

Ballerina cardigan mini i iris alpakka


Siste knyttebåndet i I-cord strikkes og så er jakka klar til gis bort til eit barnebarn

Hadde to nøster med iris i restekorga mi. Passa perfekt til denne jakka i størrelse fire år. Det var ikk,e mange gramma igjen :).



Strikka på pinnar nummer 6 og 7. Er kjempemjuk, lett og behagelig





 Klem
Lilla dør

fredag 14. november 2025

Juleteppe på gang


Litt hyttesøm på juleteppet mitt. Har iallfall starta, blir nok ikkje ferdig denne jula men det er heilt ok :)))

d
Hatched and Patched  heiter teppet. esign Anne Downs både mønster og stoffa er bruka.  I teppet er det både lappetekning, sticheri. bruker både ull og bomullstoffer.




 Det minka på maskinsømen snart bare sticheri/ broderiet igjen.


Klem
Lilla dør

torsdag 6. november 2025

Vest til venta barnbarn.


Hadde eit nøste med Isager tweed beige luk. 50 gr.til ein  baby vest. Eg brukte 40 gr i str 1 år. Design; Charlotte Tøndering. Oppskrifta kjøpte eg tidlegare på Danmarkstur



 Klem
Lilla dør

lørdag 1. november 2025

Konglenisselue


Konglenisselua til Klompelompe. Eg strikka den til det eldste barnbarn mitt. Vart skikkelig langlue
Strikka den i silk mohair, Shetland soft og tynn merino. 

In process ..... klar til å strikke sjølve lua. kjekt tv og bilstrikk. Ger fra fra hagebordet på hytta.






 Klem
Lilla dør