tirsdag 22. mai 2012

Terrasseliv....


 Frø kom i jorda...kanskje litt seint. Men eg reknar med at det blir ein lang og varm sommar. Eg har sådd både blomkarse, erterblomar og lupinar. 


 Har god hjelp til gartnerarbeidet, junioren slår til


 Hortensia må eg jo ha...litt lys variant i år...kanskje blir det ein lilla og-


 Tid til strikk er viktig:)



 Tid til litt sying er også viktig...gir påfyll



Takk til alle som ser innom. Håper du blir inspiret. Ta turen innom igjen!
 Klem lilla dør.

mandag 21. mai 2012

Ny lampeskjerm på gang....


 Eg held på å strikke på ny lampeskjerme.  Inspiret av skjerfet til Ullrommet . Eg strikkar i lin og finull.  Etter at den er ferdig strikka skal eg tove den. Denne gongen har eg vore flink til å strikke prøvelappar og dei har eg tova og sett at det vart slik eg tenkte og fått rekna ut antall masker.
Eg strikkar til denne lange skjermen: den lange skjermen  den andre er eg ferdig med:  Ugleskjermen. 


Gildt strikkearbeid, strikkast rundt på liten rundpinne. Garnet har eg kjøpt hjå Anny på Idestova på Bryne. Lingarnet har ho forresten på salg for tida:)) 


Takk til alle som ser innom bloggen og legg igjen ein kommentar.

Klem lilla dør

søndag 20. mai 2012

Pleddet er ferdig.....


 Pleddet er ferdig. kjekt å strikke.... og fort gjekk det. Starta for ei veke sidan se her for oppskrift etc: http://lillador.blogspot.com/2012/05/pledd-pa-gang.html






Har ennå ein del garn igjen faktisk 1/3 av det eg kjøpte... brukte 20 nøster av 30. Litt usikker på kva eg gjere med resten...det vert nok lagt på modning:) 

Ha ein fin kveld ...... 
klem 
lilla dør

lørdag 19. mai 2012

Hagedag :)





 Endelig var det ver til å vera ute utan å fryse i hel.....fått rydda ein del i hagen og planta litt.



 Her spanske margarittar frå Wiig Gartneri.


 Tulipaner frå amsterdam...fylte rosa 


 Eldkvede i full blomst


 nemesia og diascia


 Flott rød mini lønn som gubben fekk då han fylte år :)


 Krydderhagen tar form i minidrivhuset, juniorens prosjekt, saman med jordbær og tomatplanter



No gler me oss til varmare dagar der me kan nyte utelivet i hagen. Det er visst håp om det til veka.
 Klem Lilla dør














fredag 18. mai 2012

Rababra, roserester og sommarblomar :)


Rababrasyltetøy er i boks.....årets fyrste! Det smaka kjempe godt.  Det meste er  putta i frysen til ein passande anledning:)))


 Ellers er det roserester som pryder bordet i kveld.....


 Fantastisk flotte.....kan det bli bedre. Ei veke sidan dei kom i hus.


Håper på fint ver i morgon.  Har fått blomar idag som skulle ha vore i jorda i morgon ,,,,Takk til gjevaren! To kassar med blomar stod på tunet då eg kom heim frå jobb...det likar eg.


 Skaugumar, ferdige til å plante ut



Og favoritten min blandt sommarblomane - løvemunn, dei er fantastisk flotte seinsommars og på hausten når dei blomstrar i alle fargar, gjere mykje av seg då!!!!!

Ha ein fin laurdag.
klem 
lilla dør

torsdag 17. mai 2012

Gratulerer med dagen


 Hurra for 17 mai!!!!!!




Løper er sydd etter inspirasjon frå AnnKa sitt mønster, men eg måtte ha min egen vri:). Eg synest den passa godt inn på frokost bordet på 17 mai. Flagg og jordbær høyre igrunnen litt saman.






Ha ein goè 17 mai.

klem lilla dør

onsdag 16. mai 2012

Endå meir roser...


 Har laga fleire roser! No har eg hekla dei tre ganger så store som eg gjorde med dei fyrste.
.http://lillador.blogspot.com/2012/05/roseproduksjon.html  Den røde rosa er i bomullsgarn medan den i linfarge er i renningslin...stiv og dekorativ. Ypperlig til dekorasjon på bordet eller som eg har tenkt,  sy den på ei linkorg/pose.



 Desse store rosene er ca 12 cm i diameter.


No trur eg må legge roseproduksjonen på hylla ei stund...klar for strikking igjen. Lampeskjermen veks, teppet veks og eg blir gjerne ferdig med teppet i helga;) Kanskje eg får tid til litt sying og, truseproduksjonen eg held på med.

Klem lilla dør