tirsdag 23. februar 2021

Vimplar til dåpen



Eit av barnebarna vart døypt på søndag og eg sydde vimplar som dei kunne pynte opp lokalet med. Også kan dei bruke dei seinare på rommet hans eller / og når han fyller år :)




Fargen vart bleika og lyst sjøblått linstoff. Skråbandet eg sydde mellom vimplane er Libertystoff i gråtonar


 
 



Klem
Bestemor

søndag 21. februar 2021

Eit av mine bestemorgull vart døypt i helga


Har hatt gleden av å ta fram igjen dåpskjolen i familien. Oldemora til dåpsbarnet sydde den til eg fekk mine barn .... no er det neste generasjon som bruker den. Me skriv/broderer namn og årstall på kjolen etterkvart som den blir brukt.  Dette var den 7 som vart døpt i den.


Se kor fin den heng her klar til bruk, nyvaska og strøken 


Kjolen er brodert i engelskbroderi på bomullstoff.



 Blir oppbevart i denne tøypose


Eg sydd ein bomullstrekk til ha utpå kjolen når me skulle ha den med i bilen til kyrkja, nystrøken. Det fungert godt. Laga eit hol oppe til ta kleshenger gjennom. Det var dagens tips :)))


Klem Lilla dør

lørdag 20. februar 2021

Sjå, vårblomstrane er på plass i butikken, kjøkkenvidauget mitt og i beda på tunet


Lørdagssnopet mitt 





Kjøpt ein pakke med stedmor til kr 29.90 og fordelte det i ti potter i kjøkkenvidauget.





Litt på trappa i ein kasse. Det føles godt at det snart er mars og våren kjem for fullt i år og .... I år har me hatt kald vinter og då gjere det ekstra godt......



Perleblomst og snøklokker


 Stemorsblomsten er bare nydelig...se


Klem
Lilla dør

mandag 15. februar 2021

Eg hadde gleden av å lage fastelavensris saman med eit bestemorgull


Hadde besøk av prinsessene mine i helga....... overnatting . Så då laga me fastelavnsris til mor. Kjempekjekt. Du så kjekt å gjere noko i lag. Me brukte streng til å surre dei fast på greinene, men prinsessa tipsa meg om lim. Det hadde nok vore greit, men hadde det ikke tilgjengelig der og då:). Så vi vart enig om at ho sette saman fjørene og viste kor eg skulle surre dei på. Og eg festa dei på greina.
.

Se så fint det vart......


Me brukte forsytiagrener...blir gule fine blomar etter kvart, blomstrar på bar kvist.


 Klar for mor.

Klem 
bestemor

onsdag 10. februar 2021

Snopa meg ny bok


Kjøpte meg ny bok på nettet.....kjekt når den plutselig ligge i postkassen.   Eg har masse stoff liggande klar til å bli brukt. Skulle ha sydd opp diverse tepper etc. Ein draum er å komme i gang med det og tømme noko av stofflageret mitt. Mange gode og fine skattar der.
.

Glimt fra boka.........Mykje kjekk inspirasjon til å sy fra restekorga og stofflageret. 


 Klem
Lilla dør

tirsdag 9. februar 2021

Bok nummer tolv fra Lilla dør


12.  lilla dør blogg bok..... samme design men ulike bilder
.





Eg synest det er jillt med bok. Sjølv om eg kan gå på nettet og sjå bloggen blir det liksom ikkje det same. 
Nett no ligge boka på stovebordet der eg til stadighet kan sjå tilbake på året som gjekk. 


Klem
Lilla dør

mandag 8. februar 2021

Smokkesnorer


Prøvde meg på å sy smokkesnorer i ettermiddag..... har lenge tenkt eg skulle gjere det til to nye barnbarn




Hadde samla i hop "utstyret"..... i tillegg til dette trong eg eit stykke stoff. Sjølvsagt kunne eg ha hekla eller strikka snor, men denne gongen valgte søm med bomull- og linstoff. 







Ulike smykkesnor/holdarar. Kjekt lite syprosjekt. 



 Klem

Lilla dør

torsdag 4. februar 2021

Mappe/bag/toalettveske alt etter som du ser det


Av stoff restane sydde eg bag/mappe med glidelås til ting og tang. Sydde på eit håndtak på enden slik den er lett å ta med.
.

Ypperlig til småbilene eller andre barneleker eller til eit klesskift 



dette stoffet var det eg kjøpte på  Purl Soho i si tid......


Restane fra teppet som eg hadde skjert opp i ruter på 4,5 x 4,5 ich. Mappene er quilta. Eg brukte platevatt i mellom framsida og bakstykke for gi meir hold i mappa.





 Klem
Bestemor/ lilla dør



onsdag 3. februar 2021

Krabbeteppe


Nå har eg sydd ferdig krabbeteppe/babyteppe til det yngste barnebarnet mitt. Starta på det i haust men no er det klart og levert til mottakaren.
 

Laget til den minste av bestemorgulla.... heldige meg som har fått fire gullklumper totalt no på tre år


Sydd av kvadrater på 4,5 x 4,5 inch. totalt er teppe ca 1 x 1 meter ferdig. Har dobbel ullvatt i det. Quilta med symaskin. Lukkekanten er i lyseblå Chambray stoff.
Bamsestoffet er ein rest frå då barna mine var små, ellers er det ulike lyseblå stoff fra lageret mitt. Kjekt når stofflageret minkar. Det mørkeblå bilstoffet  kjøpte eg då eg var i  New York for snart åtte år sidan hjå Purl Soho ........God modningstid :)








Måtte bare ta det ut i det fine vinterværet og fotografere ...nydeleg lys







Bakstykket er likt det andre krabbeteppet,  Debbie Mumms stoffet
Noas ark. Fann det i stofflageret mitt..... passa godt som bakstykke. Eg har alltid likt godt Debbie Mumm stoffa.


Eg rulla teppet saman og putta det inn i ein strekklaken-pose. Enklar å ta med seg då....enten dei skal på tur, besøk eller på babysang etc.


Klem
Bestemor/ lilladør