Viser innlegg med etiketten Makrame. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Makrame. Vis alle innlegg

mandag 29. mai 2017

Makrameoppheng


 Dette opphenget laga eg for ca 40 år sidan..... nesten skremmande. Har skifta stove no. Men opphenget er like fint og moderne igjen. I grunnen fantastisk!!!!







Det passa perfekt inn her. Må bare få noko grønt i blomsterpotta.


Må bare vise dei fine blomane eg fekk her om dagen. Ei venninne av meg hadde dei i hagen....
Tulipanar er i grunnen fine blomar. Sjå fargespelet i dei.


Måtte ta dei ut på kaffibordet på hytta i helga. Det vart eit fargerik bord, saman med den oransje retroduken. Som sikker er frå 70 tallet den og.... Kjekt med gjenbruk.


Klem
Lilla dør

mandag 1. mai 2017

Makrameoppheng

Har lenge hatt lyst til prøvd gamle kunster med makrame:).  Kjekt å merke at det satt i nevane ennå. Kjempejillt å gjere det. Snaut var det og, det var ikkje lange stunda eg trong på desse to blomsteropphenga.


 Så i går kveld fann eg nøste og brukte døråpninga på terassedøra på kjøkkenet som arbeidsfelt i solnedgangen. Kan det bli betre :)))



Klar til bruk.....eg skifta den kvite potta til ei litt større. Pottene fann eg på Søstrene Grene for ei tid tilbake.



Har fyllt begge blomsterpottene med museøre. Ein dekorativ og fin plante til å ha på terrassen.





Ha ei fin mai veke. Her er det jubileums veke. Stor dag skal feirast til helga. Me gled oss, håper på godt vér slik at vi kan få nyte hagen då og. Slik me har fått gjort denne helga.


Klem
Lilla dør.