fredag 30. november 2018

Kristtornmotivet på .......


Eg sydde to mapper av voksduk med kristtorn motiv. Fine til både toalettvesker no i desember og til å ha strikketøyet i.... ut på reise kan det ofte vera kjekt med noko som tåler litt fuktighet.


 Glidelås i toppen...praktisk og godt.




 Sydde ein pose i bomullskvalitet med samme motiv. Den har eg nisseluestrikk i.  Eg held på med lue nummer to no... har vore litt usikker på størrelsen. 




No er det bare rett opp med rødt....perfekt turstrikk når ein er på reise og skal være litt sosial og. Blir med på flytur no i helga.


Klem
Lilla dør

onsdag 28. november 2018

Elg-genseren ferdig :)


 Eg har jammen helde på med denne genseren ei stund..... målet var at den skulle være klar til me reiste på julemarked. Det vart  den. Mønster rapporten gjekk over 32 omganger. Mønsteret er Hyggestrik sitt, men eg har mitt eige design på sjølve genseren.


 Eg strikka den i Rowan felted tweed. Garnet har eg kjøpt for mange år sidan.....har lege på modning.
Sjøblå og brunt. Totalt har eg brukt 360 gram garn på genseren. Eg strikka den på pinner nr 4. 


 Genseren har eg laga til gubben. 





Klem
Lilla dør

søndag 25. november 2018

Måtte bare lage ei til.....


 Eg måtte bare lage ei stjerne til....like den eg laga på hytta 
Denne vart visst like stor 


 Hadde med meg  greiner frå hytta...gamle epletre greiner og tillegg brukte eg grener frå hagen


 Klar til å fylle på med mosegrodde epletre greiner


Lyser godt opp på tunet.


Kjekt med arbeidsbenk ute 


 Kransen mangla pynt men rim og is gjorde jobben idag :)



Ha ei fin adventstid!

Klem Lilla dør

lørdag 24. november 2018

Var innom "ny" strikkebutikk i Bergen


På vei ned frå hytta sist var vi innom denne flotte strikkebutikken sentralt i Bergen, på togstasjonen. Me kjører rett forbi, difor kanskje eg kan oppsøke den fleire gonger. Kjempelekker og med mykje innhald...spennande garn, oppskrifter og tilbehør. Ein snopebutikk for strikkarar.



Dette har vore ein favorittjakke for meg lenge......ein gong håpar eg at eg får anledning til å strikke den.....ein strikkedraum er vel viktig å ha?
orkney, Rowan design


Garnet Loft og shelter i fine lekre fargar.


Kjempefin butikk! 
Fekk med meg litt mønster ei bok og ein strikkebag heim....ingen garnkjøp denne gongen.

Klem
Lilla dør

torsdag 22. november 2018

Klubbkveld med ufo preg.......nissar av ulike typer


 Eg hadde ei heil eske meg halvferdige nissar etter oppskrift av Lisbeth Jensen frå bok hennar. Litt er mitt og litt ufoar har eg arva av mamma :)) Mykje jillt arbeid her.
I går hadde eg klubbkveld i dokkeklubben og då hadde alle med seg ufo prosjekt...Tema var nissar enten det var Lisbeth sine eller Isolde sine.


 Her er Linda sine Isolde nissar.



 Denne typen ser nok fram til å få både kropp og klær :))))


 To frå kveldens produksjon.



To av mine venner klare for desember.


Klem
Lilla dør

mandag 19. november 2018

Tynne kranser på stålring


 Inspiret av Interiørblader etc hadde eg lyst å prøve meg på å vikle litt grønt på stålring. Var så heldig å få fatt i ringar på Søstrene Grene. Her har eg fått litt grønt på, når ein er på hytta er det begrensa med evnt pynt eller bånd. Så det får eg  fikse seinare. Eg har eit stor sedertre ved hytta og prøvde meg med ei grein av det. Lett å jobbe med i tillegg til flott grønnfarge på nålene der. 


 Fann ein engel i julepynten, den passa i grunnen:). Prøvehang dei i epletreet. Kjekt når ein kan sitte ute på hagebordet og jobbe.  Fyr i bålpanna og kaffi koppen ikkje langt unna.



 

 Furukvistar som eg surra rundt heile stålringen.







 Kjekt å prøve det ut....blir nok fleire når jula nærmar seg.





Klem
Lilla dør

søndag 18. november 2018

Kranser av einer


 Kjekt med muligheter til å gå ut i skogen og plukke mykje fin einer til å lage krans..... kjekt arbeid når ein kan sitte ute på hagebordet å lage dei....... Så feriedager er ikkje oppskrytt. 


 Hadde kjøpt med meg halmkranser i ulike størrelser. Dagens reklame: Europris på Kleppe hadde godt utvalg:) ellers treng ein rosesaks, streng og avbitertang.


 Fyrste klar!!!


 Godt med arbeidshansker.... det stikke :))




 Laga tre stykk.....




 Måtte prøve å pynte med rusta pynt som eg hadde kjøpt på Roser og Interiør i Florø.
Ellers har eg tenkt å pynte dei meir når eg henge dei opp der eg har planer om å ha dei. Den eine har eg tenkt gi bort i gåve.





Snart advent. Kjekk aktivititet når ein har nokre feriedager no i november.......

Klem Lilla dør