Viser innlegg med etiketten Vestlandstreffet i florø 2014. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vestlandstreffet i florø 2014. Vis alle innlegg

fredag 24. oktober 2014

Nokre smakebitar frå Vestlandstreffet i Florø


Teppet i midten sydde mamma for nokre år sidan. Ho hadde det på utstilling på Vestlandstreffet i Florø 10. til 12. oktober. Mønsteret kjøpte ho på Vestlandstreffet i Stavanger for mange år sidan.  Eg meiner det er  Nina Lisa Moen som har designa det. Teppe har ho sydd i grå og svarte stoffer men eit hus er lilla og eit hus har lilla dør!!  Nesten som at det er litt mitt med den lilla døra :)



Mange jille butikker og "quiltekafe"


 Eg hadde to dagers kurs der..... 


Det var eit kjempefint og inspirerande treff.  Sjå fleire bilde på firdaposten.no

Klem
Lilla dør

fredag 10. oktober 2014

Kursførebuingar:)


 Denne veka har det blitt mykje sying og andre kreative sysler:). Til helga er det kurshelg i Florø.


 Litt fleire modellar eller / og nye idéer





quilta litt snøfugg


 Også vart det gjordt ferdig litt fleire snømenn....eg trivst veldig godt saman med dei:). Denne karen er klar for snø og ski:)))
Fekk fatt i snømaling hjå Lissi Design på Jærhagen og den må jo testast ut.



 Materialpakkar til snømennene er klare


Ha ei goé helg!
Eg  gler meg til Vestlandstreffet i Florø.
Kanskje me treffast der???

Takk for mange tilbakemeldinger og oppmuntringar i dei siste blogginnlegga det varma.

Klem
Lilla dør

mandag 6. oktober 2014

Hausttur til norges festligaste og vestligaste by


 Her passerer vi Bergen på vei nordaover sist onsdag. Det var det regnet vi fekk på turen.
Neste dag skein sola igjen.


 Godt med bilstrikk når ein må sitje 8 timar i bil og i tillegg har goé sjåfør.


 Mange gode måltid med goé drøs. 


 Fin plass



 ikkje feil å ha lunsj her:)






 Eikefjorden i halvskumringa 



 Gubben fekk seg eit etterlengta krabbemåltid. 


 Til helga skal det være Vestlandstreff i Florø. Quiltarane var byrja å setje sitt preg på nokre butikkvindauge


 Jillt  å sjå åt her er utstilt noko som nokon har sydd som har gått på kurs hjå meg for nokre år sidan. Fiskar og maritim løpar.


 Sydde og quilta vesker også frå eit butikkvindauge.


 På bytur er kaffipauser viktig. Her frå Lille Marked

Nytt bilstrikk på returen:) vart ikkje heilt ferdig så eg må nok ut på fleire bilturar..... 

Klem 
Lilla dør

tirsdag 30. september 2014

Vinteren litt på forskudd



 Denne veka har det vore snømannsverkstad  hjå meg.... Ha kosa meg saman med desse gode vennene. Ny venner har fått sin personlighet.... dette er jillt. Eg skal ha nokre kurs i haust og då er det godt å ligge i forkant.
 Ein kveld var det naseproduksjon


 Skal vi ta sin dans eller to?


 Godt med ull når det er kaldt ute...desse er ikkje heilt klar men snart



 Kanskje me treffest ei helg:) Det er ennå ledige plasser på kurs:)


Ulike material - ullfilt, vatt, heimstrikka stoff, mulighetene er mange.


Desse er klar til helgatur allerede til helga.


Ha ei goé og kreativ veke forsatt. Eg skal kose meg saman med desse og det blir nokre fleire snømannnsvenner etter kvart.......mange står klar til få sin personlighet.


Klem
Lilla dør

tirsdag 26. august 2014

Snart september og eg er klar for ........



Å tenne lys og sette seg ned med spøtet og nyte sensommerkveldane / hausten. Kvar årstid har sin sjarm visst :)



 Fekk pakke i posten her om dagen,  garnfidus.  Har lenge sett etter garnfidus men måtte tilslutt bestille det på nettet. Er veldig fornøyd med den.



Dette fantastisk fine stoffet snopa eg Grimstad sist helg. Var det ikkje fint? Har ein plan og gleder meg til meir tid på syrommet etter kvart.

Eg skal forresten ha to helgakurs i haust. Spennande. Gler meg. Har du lyst å gå på kurs med meg?
Sjå her:



Ha ei fin og kreativ veke.
Klem
Lilla dør

mandag 23. juni 2014

Eg skal ha kurs på Vestlandstreffet i Florø 10. - 12. oktober:)



Me skal sy juletreteppe


Ellers tenkte eg at me kunne sy snømann på slutten av kurset for dei som har tid og lyst. Eg kan ta med materialpakkar til desse snømennene.


Sjølv om påmeldingsfristen er gått ut veit eg det er mulig å melde seg på forsatt, då det er ledige plasser. 

Ta kontakt direkte med Vestlandstreffet

Forstatt goé sommar!

Klem
Lilla dør

lørdag 15. mars 2014

Vestlandstreffet i Florø


Eg er så heldig at eg er spurt om å ha kurs på 
Vestlandstreffet til hausten.


For meir informasjon gå inn og sjå her
Det er ekstra kjekt når treffet skal vera i Florø der eg hadde min oppvekst. Eg har og hatt mange kurs der framigjennom.



Ifrå Norsk Quilteblad som kom ut denne veka.





Her er eit glimt frå det eg skal ha kurs i, juletretepper mellom anna.
Modellane laga eg på nyåret  sjå her
Håper det fristar og at nettopp du melder deg på. 
Velkommen til Florø og Vestlandstreffet.


Enn så lenge går det med mot vår......idag har me hatt vårdag i hagen. Fått rydda litt og hatt goé tid til kaffi og:)


Ha ein god lørdagskveld..... eg skal hekle vidare på slumretepppet mitt. Snart halvferdig, ikkje verst det på ei veke etter at eg kjøpte garnet i Stuttgart:). Elles har eg byrja å plukke fram vår og påske pynt. Slik som denne haren frå Stuttgart:) med gul garndusk.

Velkommen til ny følgere. Alltid like kjekt.

Klem
Lilla dør