lørdag 27. desember 2025

Julegave frå barnebarn


Sjå dei fine småfata eg og gubben fekk hjå to barnbarn på 3 og 5 år. Blir stas og ha frokosten eller kaffikoppen med noko attåt på
.

Jillt med slike julegaver. Her er både hjerte, engel og julekrybbemotiv, kunst på høgt plan. Takk for gaven gutter


 Klem
bestemor

onsdag 17. desember 2025

Barneforkle


Hadde eit "kjøkkenstoff" liggande i lageret. Sydde to forkle til dei to eldste barnebarna.
.


Klar til bruk, reknar med å få smake av alt det gode dokke lager. Kjempeflinke!


 Klem
Lilla dør

tirsdag 16. desember 2025

Toalett vesker x 2




Acufactum stoff med julemotiv i to ulike fargar. Ha hatt liggande til godgjering i stofflageret. Stoffet er kjøpt på Lappelykke for ei tid tilbake....har spart litt på det. Men no vart det to fine toalettvesker til barnebarna. Brukte mønsteret til Annka. tripp-trapp-tresko. Sydde den største størrelsen.





Nesten like men ulike farger


 Klem
Lilla dør

søndag 14. desember 2025

fuglemat i kopp


Hadde nokre gamle koppar som me lim tetefat  under. Fylte det med formfett og frø. Perfekt fuglemater utforbi kjøkkenvindauget. 


I løpet av ein dag er det ulike type fugler som er innom bl.a. blåmeis, kjøttmeis, rødstrupe, hakkespett og svarttrost


 Klem
Lilla dør

mandag 8. desember 2025

Julelue i bomulljersy til dei minste prinsessene mine . Heim til jul



Fann dette kjekke stoffet på Selfmade. Kjøpte 50 cm, perfekt til tre luer pluss tre lue til dokkene. Kjekt når ein kan utnytte stoffa heilt.Var til dei tre minste jentene mine.
 

Heim til jul print på dei 


Eg liker sjy slik luer i all slags typer og farger, men kan til tider være vanskelig og treffe heilt størrelsen. Har kanskje for mange mønster. Godt eg har mange som kan få




 Klem
Lilla dør

fredag 5. desember 2025

Sløyfer Aftens Christmas Bow


Strikka sløyfer til barnbarna i ulike garn og farger. Design Aftenstrikk. Denne mørke her i merinoull og glitter tråd. Ellers er dei fleste i mohairgarn eller med ein mohair tråd og ein merinoull tynn
 



julesløyfer 




 Klem
Lilla dør

tirsdag 2. desember 2025

Tova julehjerter


Tova ei plate med julerødt filt saman med barnebarna i hausterferien. Laga meg ein mal og klipte ut røde hjerter. til julepynt på juletreet i drivhuset.


Brukte bomullstråd til å henge dei opp med.




 Klem Lilla dør

mandag 1. desember 2025

Juletre og engel av einer


Laga små juletre av einer som eg tredde ned på pinnen, som var støpt fast i eit eingangsbeger.
.


Einerkjole på ein engel av streng og kongle. Malen til desse hadde eg frå tidlegare år...... 


 Klem
Lilla dør

søndag 30. november 2025

Frøken harepus har fått kler, seng og ny heim


Ei  gaveeske vart seng.


se meir om harepus her



Sydde og strikka garderobe til ho, sjal, jakke ,genser, bukse, kjole og skjørt.


Brukte vatt inn i madrass og quilta den, slik at det holde seg på plass. Måtte sjølvsagt ha pute og dyne. 










 Varma godt med teppe av garnrester.  mønster og design på klær og teppe er Aftenstrikk, rauma garn. dei sydde tinga er mitt eget design. 


Klem
Lilla dør

fredag 28. november 2025

Papirstjerner


Var på ein privat strikkekveld hjå ei venninne no i slutten av november. I løpet av kvelden var det fletting av papirstjerner. Gamal kunnskap som hadde gått i gløymeboka. Kjekke til ha på gåver eller og som pynt på kransar eller oppsatsar. Må nok holde den kunnskapen ved like.


Klem Lilla dør



 



 

onsdag 26. november 2025

Isager elf, nisse familie


Søt liten nisse familie fra Isager. designer Birgt Gehl Østergard. Strikka i rester av Isager tvinne, noko som dei fleste av oss har liggande. Strikkeklubben eg går i var enig om eit felles prosjekt i desember.


Litt mat må vi jo ha . Litt julekjeks og vaflar med noko salt pålegg på.



Her er eg i gang med min.



Nissen er ferdig. Her held eg på med nissesekken.....vart ikke heilt ferdig, men vi får satsa på neste jul. Nissen var klar men mangler ein del tilbehør.


Klem
lilla dør