Viser innlegg med etiketten strikk ferdig 2024. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikk ferdig 2024. Vis alle innlegg

mandag 9. desember 2024

Strikka dokkeantrekk


 


Strikka ein dokkedress  av garnrestane til genseren til "dokkemammaen". Stas å ha lik.


Strikka den i værbitt håndfarga garn Hillevåg sølje, brukte 40 gram. på pinn nummer 3,5



 Dokke mor sin

Klem
bestemor

mandag 25. november 2024

Lyslykter i lingarn









 


Dråpe-lyslykt.   knitting for siri





Eg strikka dei i lin renningsgarn, Husfliden sitt. Brukte ca 70 gr for to. Kjekke å strikke.


Her hadde eg dei ute i hyttehagen.
 



Klem
lilla dør
 

 

fredag 1. november 2024

Tantestrikk


Vårregnkjolen på pinnene. Strikka den i merinoull 2 tråds Nøstebarn sitt garn i lys rosa 834. Brukte 70 gram til kjolen i størrelse 3 til 6 mnd.
.


Vårregnkjolen av Hawre Gyth


Har strikka fleire av desse . Jille å strikke



 Barselgåve til dattera til ein tanteunge. 

Klem
lilla dør

tirsdag 22. oktober 2024

litt meir egostrikk ...tweed genser



Chestnut sweater til Petitknit. Strikka i Peer Gynt- strikka den på pinner nummer 4. Brukte800 gr. Det vart ein både varm og tung genser. Fornøgd. Vil nok holde seg i mange år..... Peer Gynt garnet er fantastisk holdbart og godt garn. det gamle gode :)




 


 



 




 


 


Klem
lilla dør 

 

mandag 21. oktober 2024

Ballerina cardigan mini


Strikka den i ballerina chunky mohair
.


 

 
Strikka den i størrelse åtte år. Brukte kun 125 gr i Sandnes lys lilla (5023) i Ballerina chunky mohair. brukte pinna nummer 7. Fornøgd med resultatet . Det vart mottaker og



 


 Klem
bestemor

onsdag 25. september 2024

Ny genser


Genseren har litt vid passform og korte armar. Kjekt med litt anna design. Strikka ovanfrå og ned.
Strikka i Ask Hillevåg og filcoana (rosa), finull og ficolana ( brun). Strikka på pinnar nr 4. Vart inspirert av ein dansk designer som ikkje ville selge mønster eller garn til Norge. Så då fann eg ut at eg kunne lage mitt eige mønster. Vart i grunnen fornøgd med passform og design . Fornøgd med fargen på Hillevågsgarnet med strikke kvaliteten likte eg best i finullgarnet.......
.

Strikka inn ein liten lomme i overgangen mellom rosa og brunt garn. Med kontrast farge i. Sjølvsagt lilla då :)
 

 


Litt fotografering i hagen 






Klem lilla dør

 


 


 

fredag 6. september 2024

Familiensfavorittsokkern02


Eg fekk teststrikke desse sokkane for made-by-annsilje.  " familiensfavorittsokkerno2 "
Strikka dei i garnet Sterk. 


Pawpatrol sokkar Chase :)


Klar for barnhagen i haust. Strikka dei i størrelse 23/24. Passa perfekt til prinsen på 2 år.



 Klem
Lilla dør og bestemor

torsdag 15. august 2024

Vaskekluter fra purl soho



Restegarn strikk og test av mønsteret i sommer på hytta. Tok det eg hadde ......skulle hatt meir ton i ton fargar.

Eg falt for desse tøffe designa til Purl Soho. Desse to bilda er henta fra purl soho si nett side.
.

Se dei tøffe fargane, hatt desse ville gjort susen på klutene, her betyr farge matchen mykje :)


Eg stikka to stykk av nokre restar eg fann i sommer på hytta.




 Klem
Lilla dør

torsdag 13. juni 2024

Zipper sweater


Strikka genseren i  fridtidsgarn fra Sandnes i fargen 1055. Fann garnet i pose restegarn hjå fabrikutsalget der til ein billig penge. Det liker me. Perfekt farge og. Strikka den på pinner nummer 5.


Hyttestrikk og bilstrikk, har brukt litt tid på den.




Vart ein tjukk og varm utegenser. perfekt til den som er glad i friluftsliv....kjem til å varme denne



 Klar til bruk!!!! Vi får håpe sommeren blir så varm at han ikke treng den før til hausten!


Klem
Lilla dør